Linux og den nye regjeringa
By admin on Oct 21, 2009 | In Politikk, Linux | Send feedback »
I den nye regjeringa som vart presentert i går var mellom anna tidlegare Microsoft-topp Grete Faremo med. Faremo som tidlegare hadde fleire ministertitlar på 90-talet er innstillt som ny helseminister. Likevel er det verdt å merke seg at det multinasjonale Microsoft selskapet har fått inn ein person med så tette band til seg sjølv inn i den nye regjeringa. Det er ikkje meir enn eit par år sidan Faremo sat i dåverande Fornyings og administrasjonsminister Heidi Grande Røys si ekspert-rådgjevingsgruppe som Microsoft representant. Så sjølv om rolla Faremo no er tildelt er litt på sida av det ein normalt sett betegner som IT-sektoren er det klart at gigantselskapet har fått inn ein god ven i den norske regjeringa.
Grete Faremo, som i Microsoft var «direktør for jus og samfunnskontakt i Vest-Europa» var mellom anna aktiv i mediene i samband med endringane i åndsverkloven. I eit heilsides innlegg i Aftenposten med overskriften Fremlengs inn i fremtiden skreiv ho mellom anna fylgjande «Kunst og kultur er kilden til sterke og varige sanseinntrykk og opplevelser for mange.» Ho fortel også at kunstanarane står i fare for å miste mulighetene til å «leve av sitt verk, og vie sitt virke til å skape ny kunst», sidan desse mulighetene nå er truet av Internett, som «har etablert en distribusjonskanal for kommersielt motivert piratkopiering av helt nye dimensjoner». «Kunstneren og hans produsent velger hvilken måte verket gjøres tilgjengelig for et interessert publikum på. Teknologi for rettighetsstyring representerer i denne sammenheng en valgmulighet for rettighetshaver.». «Slik forslaget om respekt for innholdsleverandørers rett til å velge teknologiske kopisperrer er formulert, har Regjeringen på en grei måte balansert hensynet til kunstnerens og forbrukernes behov.» konkluderer Faremo.
Det er imidlertid ein ting Faremo unngår å skrive noko om: Korleis dette fungerer i praksis - Microsoft utstyrer musikkfilane dei selger med rettighetsstyring (WM-DRM) som legg begrensningar på kopiering m.m.. Men det som fyrst og fremst kjenneteikner filane er at dei ikkje lar seg åpne uten at du nyttar Microsoft sitt operativsystem Windows.
Det er all grunn til å vera på vakt når eit multinasjonalt selskap som Microsoft med all sin tyngde får ein så tydeleg venn inn i regjeringa. Alle som er opptekne av opne kjeldekoder og eit fritt internett bør vera ekstra på vakt i tida frametter!
No feedback yet
Leave a comment
| « Autoritetar | Overvåkingssamfunnet eit resultat av yttringsfridomen? » |

