Linux er politikk!
By admin on Sep 21, 2009 | In Politikk, Linux | Send feedback »
Fyrst litt om Linux: GNU/Linux er eit operativsystem utvikla av vanlege folk for vanlege folk. GNU er eit sett med program frå The GNU Project av The Free Software Foundation, Linux er kjernen i operativsystemet, dvs det programmet som gjer at alle andre program kan kommunisera med eller fungere på maskina.
Kva er politisk med Linux: I og med at GNU/Linux er utvikla av vanlege folk og ikkje store multinasjonale selskap får ein eindel fordelar, mellom anna: I GNU/Linux slepp ein at eit stort konsern som står bak operativsystemet plutselig fjernar støtta for eit tidligare støtta program eller komponent, ettersom (Linux/GNU) ikkje kan gå konkurs eller bli kjøpt opp. Fri og open kjeldekode som GNU/Linux utviklarane er forkjempare for, medfører veldokumenterte filformat som også kan nyttast i framtida. Ikkje minst kan andre programutviklare vederlagsfritt ta dette i bruk. GNU/Linux er eit reellt alternativ til dei som ynskjer å bryta monopolet i OS markedet som Microsoft i alt for mange år har fått diktere som dei sjølv vil. GNU/Linux er utvikla av brukarane sjølv, og verker slik brukarane vil at det skal virke og det finnst ingen funksjonar som forsøker å beskytta brukarane frå "sin eigen dumskap", slik ein finn eksempel på både hjå Microsoft og Mac. GNU/Linux baserer seg mellom anna på sikkerhet gjennom Linus' lov i motsetnad til proprietære system som baserer seg på en tro om at ukjente sikkerhetshull ikke vil bli utnyttet. Linux er laga av folket, for folket og er som dei fleste av oss ynskjer, også gratis! Linux er eit eksempel på at folk sjølv kan ta styringa og utvikla eit samfunn utan innblanding frå kapitalsterke interesser. Ei liste over Linux distribusjoner samt meir informasjon finn du mellom anna her. Under ligg eit bilete av "desktopen" min. Opensuse 11.1 med Kde 4.3 
No feedback yet
Leave a comment
| « Individet og kapitalen | Gratis bøker for studentar » |

