Gratis bøker for studentar
By admin on Sep 19, 2009 | In Politikk, Diverse, Linux | 1 feedback »
Alle me som studerer veit at utgiftene til lærebøker kan verta skyhøge. Nyleg kom eg over ei side som kan gjere ting litt lettare for nokre av oss. Sjølvsagt er ikkje utvalget all verda, men i påvente av at Raudt skal få såpass politisk makt at studentar kan få lærebøker gratis er ikkje sida så dum. Bookboon.com er ei side som tilbyr gratis nedlasting av ei rekke kompendium og bøker for studentar. Nettsida fortel sjølv at BookBooN.no er eit nettbasert forlag for gratisbøker. Der man kan laste ned bøker gratis uten å oppgje personopplysningar. Bøkene kjem i PDF-format. I gjennomsnitt vil det vera ei "relevant" annonse på kvar tredje side.
For nerder som er besatt av Linux, finn ein mellom anna ei gratis utgåve av "C programming in Linux". Sida finst også som ein applikasjon til Facebook, for dei som nyttar dette. Så i påvente av ein meir offensiv satsing frå regjeringas side er dette ei grei side å legge i bokmerkene sine.
1 comment
Leave a comment
| « Linux er politikk! | Hytte-nei i Myrkdalen » |

