Arkiv
Lokaldemokratiet
, 19, 2009
Sålangt i val-kampen har det vore lite snakk om demokrati og lokaldemokrati. Det er svært få parti i Noreg som har visjonar utover dei demokratiske rettane me har opparbeida oss i dag. Under fylgjer eit lite innlegg om korleis Raudt ynskjer at eit lokaldemokrati skal fungera.
For å få eit levande lokaldemokrati trengs lokal handlefridom frå statleg styring og kontroll. Det er naudsynt med statleg fullfinansiering av oppgåver som vert lagt til kommunane.
Raudt arbeider for:
* at staten fullt ut skal dekka kostnadane for lovpålagte oppgåver gsom er gjeve til kommunane
* at staten skal sletta gjelda kommunane og fylkeskommunane har opparbeidd seg gjennom fleire år med sulteforing og stadig fleire tildelte oppgpåver frå staten
* større grad av frie inntekter som kan gje rom for lokale prioriteringar og reduserer avhengigheita til sentralmakta
* nøkler for fordeling av statlege midler til kommunene, som mykje betre enn i dag tek omsyn til lokale forhold og kommunanes reelle kostnader
Demokratiske prosesser som leier til politiske vedtak, skal føregå med og mellom folk i alle aldre. Folk, der dei bur må gjevast anledning til å påvirka beslutningar som berørar kvardagen deirans. Målet må vera lokale løysingar tilpassa lokale behov.
Raudt arbeider for:
* at det etablerast aktive lokaldemokratiske organ der born og unge får rett og mogelegheit til reell innflytelse på saker som vert handsama.
* tiltak som gjer politiske beslutningsprosessar meir tilgjengelege og åpne for alle innbyggarar.
* tiltak som involverer innbyggarar, tillitsvalgte, organisasjonar, brukarar og pårørande i utvikling av kommunale tenester, og at desse vert gjeven meir direkte innflytelse på sakshandsamingsprossessar fram mot lokalpolitiske vedtak.
* å tilrettelegge for at lag og organisasjonar som samarbeider med kommunen om tenesteutvikling, vert gjevne vilkår som gjer det mogeleg å vera reelle deltakarar.
* at 16-åringar får røysterett ved kommuneval.
Kommuneøkonomi
, 17, 2009
Raudt meiner at dei offentlege tenestene er ei berebjelke både for at folk flest kan ha eit verdig liv, og for at me kan ha eit nokolunde sivilisert lokaldemokrati.
Staten har i årevis tynt kommuneøkonomien, og samstundes er dei fleste velferdstenestene i dag kommunane sitt ansvar. År etter år har kommunesektoren fått ein stadig mindre del av kaka. Delen av brutto nasjonalprodukt som går til kommunane var i 1999 12,8%, i 2005 hadde det minka til 9,6%. (Kjelde statistisk sentralbyrå)
M.a. har ordninga med delfinansiering av utbyggingsprosjekt som omsorgsbustader, sjukeheimsplassar og barnehagar, ført til store gjeldsbører for kommunane og fylka.
Nye reformer må i framtida fullfinansierast !
Kommunenoreg er prega av:
Nedskjering, privatisering, konkurranseutsetjing, brutalisering av det kommunale arbeidsmiljøet, senka kvalitet på tenestene, auka eigenbetaling, større sosiale skilnader.
Kampen for auka løyvingar til kommunane er difor den viktigaste saka for Voss RV dei neste fire åra.
Me veit at denne kampen berre kan få eit vellukka utfall om vanlege folk engasjerer seg og organiserer interessene sine utanfor kommunestyra.
Denne grafen syner kommunanes netto driftsresultat i %
Netto driftsresultat er et sentralt resultatbegrep i kommunesektoren og gir indikasjon på størrelsen på det økonomiske handlingsrommet kommunene har til utformingen av de kommunale velferdstjenestene. Netto driftsresultat beregnes som driftsinntekter fratrukket driftsutgifter, renter og avdrag, og angis ofte i prosent av driftsinntektene. Driftsinntektene er summen av skatteinntekter, statlige rammetilskudd, øremerkede tilskudd, refusjoner og overføringer i forbindelse med løpende drift, samt salgs- og leieinntekter. Teknisk beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi opererer med netto driftsresultat som hovedindikator på økonomisk balanse. Utvalget anbefaler at driftsresultatet over tid bør ligge på rundt 3 prosent. Det vil sikre at kommuner og fylkeskommuner kan opprettholde sin formue ved å sette av tilstrekkelige midler til framtidige investeringer. (Kjelde SS![]()
Raudt vil:
• At dei Statlege overføringane aukast slik at dei dekkjer kommunen sine kostnader til lovpålagde oppgåver.
• At Staten slettar gjelda til kommunen.
• At kommunen sin del av skatteinntektene aukast kraftig
• At offentlege selskap skal drivast til det beste for folk flest, og ikkje etter aksjeloven.
• gjennom undersøkjingar mellom tilsette og brukarar i kommunen finna ut korleis tenestene kan bli betre
• gå mot eigedomsskatt på vanlege bustader.
• at kommunen skal vera ein aktiv eigar av eigedom og verksemder
• redusera ordførar og politikarlønningar for å minka avstanden mellom politikarar og vanlege folk.
Ute av auga, ute av sinn?
, 16, 2009
Kvar einaste vår får me nyhendesendingar på dei riksdekkande tv-kanalane om at dei narkomane i Oslo skal flyttast. “Den store vårreingjeringa” i hovudstaden vår, har kun til hensikt å gjera gatebilete finare for turistane som kjem. Den Høgre/Frp styrte byen ynskjer å bevare glansbilete som dei i mange år har forsøkt å spy utover turistmarknaden om at Noreg og Oslo er verdas beste land å bu i, og då må alle avvik feiast under teppet.
Høgre og FrP som gong på gong påstår at dei tilpasser politikken sin det faktum at alle individ er forskjellige, gløymer at narkomane er like forskjellige individ som deg og meg. Ikkje alle narkomane er “slemme” folk som kun har som mål å utnytta samfunnet. Når sant skal seiast, trur eg ikkje “gruppa narkomane” er overrepresentert mellom utbyttarane i samfunnet. Ein finn vel heller dei grådigaste kapitalistane overrepresentert her.
Når ein person er langt nede, med store problemar i høve dop, psyke, og fysikk skal det ikkje mykje til for å pusha vedkommande over grensa. Historia har synt at det i bak-kant av “vårreingjeringa”, er ein overvekt av kriminelle handlingar og overdoser. Desse folka treng individuell hjelp og oppfylgjing, ikkje politi som jagar dei.
Raudt vil på stortinget gå i bresjen for ein meir human politikk ovanfor folk som er ramma av sjukdommen narkomani. Ingen mennesker er like, men me har alle krav på same mogelegheiter!
Ta frå dei rike!
, 14, 2009
Høgrepartia er flinke til å fortelje veljarane at dei ynskjer skatteletter. Det dei også er flinke til er å skjula kven dei ynskjer å gje skatteletter til. Dersom FrP sin skattemodell hadde vore gjeldande i dag ville dette betydd ein skattelette til norges 17 rikaste personar på over 500 millioner kroner. Kjell Inge Røkke åleine vil få eit skattekutt på 110 millioner kroner.
Raudt er sterk motstandar av ein skattemodell som vil gje meir til dei rike, mindre pengar til felleskassa og til sjuande og sist mindre velferd. Raudt meiner at ein i staden for å overlata rekninga til folk flest, skal dei rike betale meir.
Raudt sin skattemodell er bygd med tanke på balanse mellom velferd og solidaritet. Dei rikaste må betale relativt meir enn dei som har lite, og dei som har minst bør ikkje betale skatt i det heile.
- Raudt går inn for å auke frikortgrensa til 210 000 kroner.
- Vi vil fjerne matmomsen og moms på tenester.
- Vi vil fjerna eigenandelane i helsevesenet.
- Toppskatten skal gjelda for innteketer over 600 000 kroner.
- Aksjeutbytte skal skattleggjast som lønsinntekter.
- aksje-, finans- og valutatransaksjoner skal skattleggjast.
Raudt sin skattemodell er enkel. Ta frå dei rikaste og del det med folk flest!
14000 studentar manglar hybel!
, 13,
Studentanes økonomiske og sosiale vilkår vert svekka for kvart år som går. Sjøl om nedkortingsreformen har ført med seg ei symbolsk auke i den generelle ramma for studiestøtte, ligg studentane langt etter andre grupper i samfunnet. Prisane i studentbarnehagane har auka kraftig, og prisene på utleigeboliger og studentkantinar er definert ut frå marknadspriser. Og som om ikkje prisnivået er ein stor nok bekymring, slit mange ferske studentar med å få seg tak over hovudet, faktisk er talet på studentar som mangler bustad, i fylgje studentanes landsforbund, 14000. Dette kjem som ein naturleg konsekvens av at politikarane har latt marknaden ta ansvaret for bustadbygging, og ikkje har teke ansvar sjølv.
Raudt på stortinget, vil mellom anna arbeide for:
* fullstipendiering til alle studentar uavhengig av studiepoengproduksjon
* betre bustad- og barnehagetilbod og styrking av studentars sosiale rettar
* ein eigen arbeidsmiljølov for studentar
* å sikre nynorskbrukare si rett til eksamen på nynorsk
Bompengefylke nummer 1
, 12, 2009
Hordaland er bompengefylke nr. 1 i Norge. Nærare 80 % av riksvegprosjekta blir finansiert ved hjelp av bompengar istadenfor av statlege riksvegmidlar. Dette råkar både transportnæringa, kollektivtrafikken, reiselivsbransjen og privatbilistar som ikkje har andre transportalternativ enn bruk av eigen bil. Denne utviklinga vil bli kraftig forsterka gjennom Nasjonal Tranportplanperioden 2010-2019, med Hardangerbrua, Vossapakko, Kvammapakko, Bømlopakko, bompengar på E-134 over Haukeli og E39 Kyststamvegen.
Det har diverre synt seg i fylkestinget at Raudt er det einaste partiet som konsekvent har gått imot bompengefinansiering av desse riksvegprosjekta.
Raudt ser bompengene som usosial form for skattlegging. Flat skatt som bombengefinansiering er, vil alltid ramma dei svakaste hardast. Mellom anna difor har Raudt Hordaland hevda at utbygging og utbetring av riksvegen fullt ut er ei statlig oppgåve.
Raudt i Hordaland oppmodar til ein folkeaksjon mot ytterlege bompengeprosjekt i Hordaland. Kjem vår førstekandidat Torstein Dahle inn på Stortinget etter haustens val, vil han målbære denne kampen i rikspolitikken.
Helsenorge er smitta av stoppeklokkesjuken!
, 11, 2009
Folkevalt styring av sjukehusa er erstatta av føretak som styrast etter bedriftsøkonomiske reglar og prinsipp. - Resultatet er mindre demokrati, store underskot, nedlegging av lokalsjukehus og snevre økonomiske hensyn framfor friskare pasientar.
Aldri før har det vorte overført så mykje peng til sjukehusa. Samstundes går helseføretaka med milliardunderskudd. Som resultat har HelseNorge vorte smitta av stoppeklokkesjuken. Stivbeinte system skapt for å spara pengar set behova til sjuke og eldre i andre rekke. Oppi det heile spring dei tilsette helsa av seg for å gjera jobben sin skikkelig. Mennesker reduserast til kunder og klientar, omsorg til eit spørsmål om helseøkonomisk lønnsemd.
Raudt på Stortinget vil blant anna arbeide for:
* 10 000 nye stillingar i omsorgssektoren
* ingen eigenandelar på medisin og helsetenester
* gratis tannhelseteneste til alle
* å avvikle helseføretaka, og føre sjukehusa attende til folkevalt styring
Kommunesamanslåingar
, 9, 2009
Kommunanes sentralforbund skisserte for eit par år sidan sin framtidsdraum. Eit nytt hordaland utan småkommunar. Alle partia i Voss kommunestyre med unntak av Raudt, gav uttrykk for at dei var positive til skisseringa.
For kring 40 år sidan kjempa bestefaren min Herman Kaldestad med nebb og klør for at Vossestrand skulle få behalda sin kommunestatus. Han spådde at Oppheim ville missa posten sin, butikkar ville verte lagt ned, og han meinte at det ikkje var håp for skular i utkantane av bygda i ei ny storkommune. No 40 år seinare kan vel alle skriva under på at han fekk rett.
Eit argument som vert brukt for kommunesamanslåingar er at dette er eit middel for å halda Bergen i øyrene, og auka konkuransedugleiken. Men kva vil det ha å seie for konkuranseemna ovanfor bergen om det er 14 eller 26 tusen innbyggarar i kommunen, me vil framleis berre vera ei dråpe i havet i forhold.
I eventyret vert dette kalla keisarens nye klær. Her kjem eit fint prosjekt med mange flotte teikningar, utan ei einaste konsekvensannalyse. Og på bakgrunn av dette skal me kunna uttala oss.
Nei takk! Eg ser keisarens nye klær. Papira og dei såkalla annalysane som er framlagde er frå KS si side er rein propaganda utan substans eller dybde. Jodå, det er klart det vil vera nokre føremoner for Voss kommune om me ranar til oss grannane våre, men egosentrisme og imperialisme fører sjeldan med seg noko positivt.
Me som er så heldige å bu i Voss kommune kan nok på kort sikt få nokre grunkar ekstra gjennom å stela diverse kraftkommunar. Men vil dette tena folket som bur der? Vil dette tena våre ynskje om å framleis ha busetnad i distrikta? Vil dette tena ynskja våre om å gjera folk meir politisk bevisste, når det folkevalgte organet flyttast fleirfoldige mil? Vil kommunesammanslåingane føra til meir vern om dei fattigaste? Vil dette føra til fleire arbeidsplassar? Vil kommunesammenslåingar føra til at ungane i Vik skal fraktast 20 mil med skulebuss kvar dag? Vil ungdomskulen i granvin framleis vera der etter ei kommunesammenslåing? Vil Vaksdal framleis ha skular om 20 år? Dette og meir til står det ikkje så mykje som eit punktum om i papira frå dei kommunesamanslåingskåte frå kommunanes sentralforbund.
Er kommunesamanslåingar rett og slett ein ny og kreativ måte å skapa meir byråkrati og mindre demokrati?
Vel eg kan ikkje sei anna enn at eg stør opp om kampen bestefaren min var ein del av, mot kommunesammenslåingar. Han hadde rett i sine spådommar.
Klassisk paranoia frå Kleppe
, 8, 2009
Vidar Kleppe frå Demokratane skriv i eit innlegg 07.08.09 med overskriften “Hele Mandal med asylsøkere”, at norge oversvømmes av kriminelle innvandrarar.
Dette er Klassisk paranoia!
Om ein snur situasjonen litt på hovudet, og spør seg kor mange nordmenn som har reist til Spania og busett seg i “ferieboliger” dei siste åra. I følge magasinet Spaniajournalen eig 100 000 nordmenn hus eller leiligheter i Spania. Av Alfaz del Pi’s 16 000 innbyggere er 10 000 av dem nordmenn.
Og ser ein på at kriminaliteten mellom desse er nærare 50% høgare enn hjå lokalbefolkninga, dessutan er nordmenn i Spania høgt representert mellom dei “arbeidslause”. Kleppe’s tidligare partikollega Carl I Hagen har sagt om situasjonen at det er så mange nordmenn i spania no, at spanske sjukepleiarar bør læra seg norsk.
Ja, då kan ein Kanskje spørre seg om det er noko gale med “den norske mentaliteten”, og ikkje dei som kjem til Norge for å starte eit nytt liv.
Vidar Kleppe reagerer på at det i fylgje regjeringa kan komme opp mot 18000 innvandrarar i året. Men han spør seg ikkje kvifor det kjem så mange innvandrarar til vestlege land. Kan det kanskje ha noko med fordelinga av resursar i verda? Kan det ha noko med at vestlege land, Norge inkludert, raner til seg store rikdommar i form av olje frå andre land. Desse tinga ser det ikkje ut som Kleppe tenkjer på. For han er det viktigast å snakke drit om muslimer og andre han ikkje kjenner.
Regjeringa har svikta industrisamfunna
, 7, 2009
I Hordaland og mange andre stader i distrikts-Noreg er det bygd opp store kraftforedlande industribedrifter og industrisamfunn basert på den reine, fornybare norske vasskrafta.
Før stortingsvalet i 2005 lova AP, SV og SP at om dei kom til regjeringsmakta, skulle dei raskt få på plass ei industrikraftløysing som sikra framtida for denne industrien.
Det har ikkje skjedd. Istadenfor har smelteverk og andre eleketrokjemiske bedrifter både i Hordaland og elles i landet lagt ned eller redusert produksjonen, og lagt store investeringsplanar på is. Finanskrisa og låge metallprisar har forsterka denne utviklinga.
Raudt meiner at denne saka demonstrerer eit stort løftebrot frå dei tre regjeringspartia. Dei ofrar norske industriarbeidsplassar, lokalsamfunn og verdas mest miljøvenlege kraftforedlande industri på marknadsliberalismens og EØS-avtalens alter.
Kravet frå fagrørsla om INDUSTRIKRAFT NO! er overmodent. Det trengs eit kraftopprør for å få regjeringa til å snu.
Med Torstein Dahle på plass på Stortinget etter valet til hausten, vil industriarbeidarane i den kraftforedlande industrien ha ein representant å stole på.
Sei opp EØS avtalen
, 6, 2009
Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) er namnet som vart gjeve til det sams økonomiske området som vart skipa med tingingane mellom EFTA-landa og EU-landa i åra 1989-1991
EØS avtalen hindrar norsk sjølvråderett over ein rekke viktige områder, og flyttar fysisk demokratiske beslutningar ut av landet. Ein avtale som i praksis har synt seg å vera demokratihemmande er ikkje noko Raudt som parti kan stå inne for.
EØS-avtalen legg m.a. opp til
adgang for energisselselskap innan EU til å kjøpe opp norske kraftverk.
adgang til storstilt krafteksport frå Noreg til energimarkanden i EU.
at Noreg lyt tilpasse seg til felles konkurransereglar i EU sin energimarknad.
straumprisar til den kraftkrevjande industrien, andre bedrifter, forbrukarar og offentleg drift i Noreg lyt etter kvart tilpasse seg til internasjonal marknadspris (europris).
undergraving og nedbuggjing av norske arbeidsplassar som er avhengig av konkurransefortrinnet rimeleg strøm.
auka press på å få bygd ut vassdrag i Noreg med langsiktig krafteksport til EU-land.
eit historisk brot med norsk kraft- og konsesjonspolitikk sidan 1906.
Raudt vil vera den beste garantien for å å fremja framlegg om utmelding av EØS avtalen på stortinget.
Rasering av myrkdalen
, 4, 2009
I kommunedelplan for Myrkdalen på Voss vert det lagt til rette for utbyggingsområder for fleire føremål, slik som alpinanlegg, fritidsbustadar, bustader, hotell, serveringsstadar og ulike næringsføremål. Planforslaget viser om lag 3400 nye fritidsbustadeiningar totalt, fordelt på fleire områder Vidare er det lagt til rette for utviding av alpinanlegget med 5 nye skiheisar og mange løyper. Denne planen er ikkje berre stor i fysisk forstand, men også i høve dei konsekvensar den kan få for eit sårbart miljø og ei særs vel bevart stølsheim. Ein annan ting som gjev stor grunn til ettertanke er perioden denne planen er lagt ut til offentleg ettersyn. Kommunedelplanen er nemleg lagt ut til offentleg ettersyn på servicetorget i Tinghuset i tida 8.juni til 14.august 2009, akkurat i den tida veldig mange av oss har ferie, og sannsynlegvis berre dei mest ivrige av oss orker å engasjere oss.
Kommunedelplanen omfattar eit stort område, frå Nobbi inn til Kvassdalen og via Årmot, Bygardsli, Mørkve og Skjervheim ned til Myrkdalsvatnet og via Mørkve og Nesheim opp til Ulvund. Det samla området som inngår i kommunedelplanen er samla på omlag 40 km² (40 000 daa)
Området det er snakk om i planen er innafor området som vert kalla fjellheimen villreinområde. Dette området har ein av landets største villreinførekomster med over 600 dyr, og det er nedsett interkommunale organ som har som oppgåve å forvalte området.
Raudt meiner at planane om vidare utbygging må stoggast av hensyn til miljøet. Av og til må vern av dyr og natur gå foran økonomiske interesser, og dette er så avgjort tilfelle i denne saka.
Statskyrkja og medlemsskap
, 2, 2009
I desse dager mottek mange av oss såkalla valkort frå den norske kyrkja. Kyrkja har i fleire år vore skulda for medlemsrot, og har no endeleg teke initiativ til å ordna opp i dette. Sjølv melde eg meg ut av statskyrkja eit par veker etter at eg vart 18 år, men fekk aldri noko svar attende om at eg var utmeld. Eg vart difor litt forundra då eg mottok valkort frå statskyrkja no. Men som sagt, no har kyrkja forstått at dei har hatt rot i systema sine og lagt ved ein svarslipp som kan sendast attende dersom ein meiner ein ikkje skal stå som medlem. Eg vil oppmoda alle som tidlegare har forsøkt å melda seg ut om å senda attende denne svarslippen, så slepp me kanskje å vera medlemmar, og samstundes ubevisst vera ein økonomisk støtte til eit religiøst kyrkjesamfunn me ikkje ynskjer å vera med i.
Revolusjon? - Men vi har det jo så godt
, 1, 2009
Mange eg møter meiner Raudt har ein god politikk på mange områder, men mange av dei har problem med det faktum at Raudt kaller seg eit revolusjonært parti.
“Revolusjon?, kvifor det - me har det jo så godt”, er eit typisk spørsmål eg får frå folk. - Kjempefint at du har det godt, pleier eg å svara. Men me lever i eit kapitalistisk samfunn, og for å forstå kvifor du har det godt må ein også skjøna kapitalismens logikk. Alle som kjenner til kapitalismen som system, veit at kapitalismen mellom anna bygger på trong for ekspansjon (vekst), og friast mogeleg konkuranse. Ein logisk konsekvens av desse kapitalistiske prinsippa er at for at nokon skal ha det bra (vinna i konkuransen) må andre ha det mindre bra (tape i konkuransen). For å unngå at ein stadig skaper nye taparar er det etter vårt syn naudsynt å endra samfunnet for å imøtekoma ein trygg framtid for alle. Den ordrette definisjonen av ordet revolusjon er “omdanning eller omvelting av politiske eller sosiale system”, og det er dette me ynskjer.
Eit anna spørsmål som eg ofte får er om Raudt vil på stortinget for å laga revolusjon. - Ja det hadde tatt seg ut. Raudt på stortinget med 2 representanter som attpåtil er ihuga krigsmotstandere. Nei, Raudt ynskjer stortingsplass for å få gjennomslag for sin programfesta politik. Det er fleirtalet i folket som må ynskja seg ein radikal samfunsendring, og det er fleirtalet i folket som må stå for denne endringa.
Om Raudt ikkje vil skape revolusjon på stortinget, kvifor seier De då at De er revolusjonære? - Det er betre å kalle ein spade for ein spade, enn å kalle han for ein stein. Raudt ynskjer å vera opne om ideologien og demokratisynet sitt. Me meiner at dagens system ikkje er bærekraftig, korkje for miljø eller folk flest. Me trur ikkje jorda vår kan bera fri kapitalistisk konkuranse i så mange år til, og vår oppgåve er å sei ifrå om det finnest eit alternativ.
Norsk Thrash Metal band gjev støtte til Raudt!
, 30, 2009
Det norske Thrash Metal bandet Thrashed By Society har gått ut offentleg på blogen sin på Thrash Never Dies, og gjeve støtte til partiet Raudt. Bandet som seinare i år har planlagt å gje ut ei gratis “online” cd, grunngjev støtten med at Raudt er den einaste garantien for kompromisslaus haldning mot korrupsjon, rasisme og utnytting av arbeidarklassen.
Kvifor Raudt Voss inviterte H og FrP til samarbeid
, 29, 2009
Under er det lima inn eit utdrag frå diskusjon kring eigedomsskatt på Raudt Voss sitt forum. Debatten kom fram etter at Raudt inviterte Høgre og Frp til felles gruppemøte for å fremja eit motframlegg mot utviding av eksisterande eigedomskatt i Voss kommune. Raudt, Høgre og FrP nytta heilt ulik argumentasjon i saka men det var meir semje enn usemje når alt kom til alt. For oss i Raudt er ikkje namnet på partiet me samarbeider med så viktig som å få igjennom gode saker, også på stortinget vil Raudt sjå meir på den enkelte sak enn namnet på partiet som fremjar saka. Spørsmålsstillarane er sjølvsagt anonymisert.
Lars
Gjest Kvifor går Raudt imot eigedomsskatt i heile kommunen. Eg trudde alla sosialistar var for auka avgifter. Ikkje det, eg tykkjer det er eit bra standpunkt, men som sagt trudde eg de sosialistar var for auka skatter.
[ ]
bjarte
Leiar i Raudt Voss
Registrerte Medlem #1
Vart med: Fri Feb 20 2009, 09:11PM
Postar: 13
No ser ikkje me i Raudt på AP eller SV som sosialistar, desse partia og politikken deirans er sosialdemokratisk. Det er desse partia som ofte argumenterer for auka avgifter og skatter for arbeiderklassen, utifrå ein missforstått tru på at alle kan bidra like mykje. At alle skal kunne betale same skatt fordrar eit samfunn der alle har like mogelegheiter, og der er me ikkje endå. Det at dei med mindre god økonomi skal gje støtte til dei som har dårleg økonomi over skattesettelen når dei rikaste ikkje betaler meir, er i beste fall tankelaust utifrå eit sosialistisk perspektiv.
Dette er å snu sosialismetanken på hovudet! Det er ikkje slik at alle kan betale like mykje, og når regler for skattlegging ikkje gjer det mogeleg å gjera vedtak på at det berre er rikfolk som skal betale ekstra boligskatt, er det uaktuellt utifrå eit sosialistisk perspektiv å gå inn for utviding av eksisterande eigedomskatt i Voss kommune.
[ ]
Bjarte
Webside
SVar
Gjest Eg forstår ikkje argumentasjonen. Korleis kan det vera betre at nokre få (dei i sentrum) skal betale for alle andre i kommunen. Er det ikkje meir rettvist om alle uansett kor i kommunen dei bur, bidreg litt for at dei kommunale tenestene vert betre for alle?
bjarte
Leiar i Raudt Voss
Registrerte Medlem #1
Vart med: Fri Feb 20 2009, 09:11PM
Postar: 13
Om du snur spørsmålet ditt på hovudet trur eg du nærmar deg Raudt sitt svar. Korleis kan det vera rettvist at dei med god økonomi ikkje skal betale meir enn dei med svakare økonomi?. Sålenge dette spørsmålet ikkje er løyst vil ingen i kommunen få det betre. Eg tykkjer elles det er ein heilt feil haldning å skyva ansvaret over på innbyggarane i Voss kommune, når ein bur i verdas rikaste stat. Dei kommunale tenestene svir grunna ein tankelaus haldning frå regjering og storting, som i stadenfor å løyva pengar slik at kommunane kan få utført sine lovpålagde oppgåver, berre pøyser på med nye tiltak som skal gjennomførast innafor den same ramma.
[ ]
Bjarte
Raudt sine politikarar er ikkje som andre politikarar
, 26, 2009
Eg vil starta med fylgjande påstand; “Raudt sine politikarar er ikkje som andre politikarar”. Medan politikarar frå andre parti har som mål å endra rammebetingelsene, har me i Raudt som mål å sprenga rammebetingelsane. Medan dei andre partia sine kandidatar leiter etter mogelegheiter innafor dagens system, ynskjer me i Raudt ålaga eit nytt system.
For ein Raudt-politikarar i dag er det å fremja vanlege arbeidsfolk sine krav i dei folkevalgte organa, ein absolutt hovudoppgåve. Dette får oss til å arbeida på ein annan måte enn dei fleste andre partiar. Me stiller oss til dispossisjon i vanlege folks kamp mot byråkratiet og vil marsjera i lag med Dykk i demonstrasjonstog og andre protestaksjonar. Denne måten å arbeide på skiljer seg frå slik andre politikarar jobbar. Politikarar skal etter Raudt sin meining vera ein av folket, og ikkje ein som står over folket.
Raudt sin ideologi kan kort beskrivast med at me vil sloss for eit samfunn der folk aktivt er med å styra sin eigen
kvardag, eit samfunn der folk yt etter evne og får etter behov! Les meir i arbeidsprogrammet vårt.
Utanrikspolitikk
, 20, 2009
I dokumentet “Plattform for regjeringssamarbeidet mellom Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet
2005-09” står det skrive fylgjande mål i kapittel 2 om utanrikspolitikk:
“Regjeringen vil øke Norges innsats for fattigdomsbekjempelse, mer rettferdig fordeling og en mer
demokratisk verdensorden, både globalt og regionalt.
Norge skal være en tydelig fredsnasjon. Regjeringen vil styrke Norges bidrag til å forebygge,
dempe og løse konflikter.”
No har historia synt oss at dette berre er verdilause ord på eit papir. Sanninga er at aldri før har så mange norske soldater vore i med i krigshandlingar utanfor landets grenser, og ikkje sidan andre verdskrigen har så mange nordmenn drept eller vorte drepne i krigshandlingar. For eindel venstreorienterte har det kome som eit sjokk at “fredspartiet” SV har vore med på dette, for meg er dette berre nok eit teikn på kor fårleg makt er. Makt korrumperer og kan få godtmeinande individ til å bli ein del av problemet i staden for ein del av løysinga.
Men la oss ta med oss nokre fakta frå krigssituasjonen i Afghanistan:
Eit av argumenta som vert brukt for å forsvare norsk krigføring i Afghanistan, er at vi er der for å hjelpa ein lovleg
valt regjering i å bygga opp landet igjen. Problemet er at prosessen som brakte den gamle forretningsforbindelsen til senior Bush, Karzai, til makta var fullstendig kontrollert av okkupantmakten USA. Og den såkalla ”Bonn-prosessen” hausten 2001 har ingen legitimitet i høve internasjonal rettsorden eller i det afghanske folket.
FN godkjente ikkje angrepet på Afghanistan den 7.oktober 2001. Dei gikk difor på akkord med sitt eige Charter,
når dei seinare velsigna ”Bonn-prosessen” og styret som vart etablert i kjølvannet. FN lot seg pressa av George Bush & co til å verte stormaktas lange hand i Afghanistan.
Med andre ord finst det ingen legitim grunn for krigføringa i Afghanistan. Utan ein reell kritisk opposisjonell røyst vil sanninga framleis ligge gjøymt i hemmelege filer på ein server i regjeringskvartalet. Ein treng uredde politikarar som ikkje er redde for å tala makta imot, mellom anna difor trengs Raudt på tinget!
Me treng Torstein Dahle på tinget!
, 25, 2009 in Politikk Legg til kommentar
Torstein Dahle toppar Hordaland Raudt si liste til stortingsvalet. Torstein Dahle (f. 20. februar 1947) har vore leiar for Raudt frå starten i 2007. 2003-2007 var han leiar for Raud Valallianse, som han vart medlem av ved skipinga i 1973. Han var tidlegare også medlem av AKP. Han er utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole og arbeider på Høgskulen i Bergen som høgskulelektor. Han har tidlegare arbeidd ved Skatteetatskolen og vore timelærar ved BI og Norges Handeshøyskole. Han har også vore engasjert som utgreiar og forfattar av fleire rapportar for forskingsstiftinga De Facto. Sidan 1987 har Dahle sete i bystyret i Bergen, der han er vorten ein populær politikar. Han har i mange år vore den fremste talsmannen for partiet i Bergen. Ved fylkestingsvalet i 2003 vart han vald inn i Fylkestinget i Hordaland, etter at veljarane hadde flytta han opp frå den nedste plassen på lista. På grunn av det store talet på kumuleringar og slengjarar han fekk ved kommunevalet i Bergen i 2007, rykte han opp frå fjerde til fyrste plass i bystyret etter valoppgjeret.
Dahle er ein av landets mest røynde politikarar utan at han nokon gong har vore på stortinget. Det norske stortinget treng ein slik person. Ein som ikkje er redd for å yttra meiniger som går imot fiffen si oppfatning, samstundes som han gjennom si økonom utdanning er svært kunnskapsrik i sin argumentasjon. Norge treng uredde politikarar, og Torstein Dahle er absolutt ein slik person. Les meir om Dahle, Raudt, og politikken til Raudt på http://raudt.no
Ideologi
, 23, 2009
Eg skal starta denne artikkelen med eit framandord for mange av dagens politikarar, Ideologi.
Me har i dag 3 hovudlinjer innafor politisk ideologi. Me har partia på høgre sida som ynskjer mest mogeleg handel, og minst mogeleg styring frå stat og kommune, so har me sentrum/venstre partia som ynskjer mest mogeleg handel, så lenge det ikkje går utover så alt for mange av dei svake gruppane i samfunnet. Felles for begge desse ideologiane er ein urokkeleg tru på det kapitalistiske systemet. Ser ein f.eks på arbeiderpartiet som muligens tilhøyrer sentrum/venstre, er det dette partiet i norge som er ansvarleg for den tid i norges historie med opning for globalisering av økonomien og ein aggresiv oljepolitikk der ein har opna for stjeling av ollje og naturresursar i i fattige land. Og no når dei sit i regjering med fredspartiet SV ser me at Norge aldri før har vore så aktiv i krigføring på framand jord Før vart ordet imperialisme nytta om slike ting.
Den tredje ideologiske retninga som partiet Raudt tilhøyrer, meiner at systemet me ser i dag må vekk. Ein kan ikkje ha eit system som fører til at eit folk i eit land er avhengig av å stjela resursane frå eit anna land for å halda oppe forbruket sitt. Dette gjeld på alle plan, ikkje berre det internasjonale men også det lokale. Me må innsjå at folk er gjensidig avhengige av kvarandre, og at jordas resursar må forvaltast utifrå eit ynskje om balanse. For det er resursane som må balanserast, ikkje pengesekken til dei rike. Så lenge det ikkje finst balanse og like muligheter for alle folk, vil utbyttinga av dei svakaste fortsetje. Samstundes med at aggresiviteten frå dei undertykka stadig vert ein større trussel for undertykkarane.
For å få til ein balanse mellom resursar og behov, må folk sjølv på banen. Det nyttar lite med politisk styring, dersom dei som vert styrt korkje ser noko hensikt eller mål med styringa.
Kapitalisme og lojalitet
, 20, 2009
Det fylgjande innlegget er teke frå budsjettdebatten i Voss kommune, der halve kommunestyret inkludert FrP og Høgre gjekk inn for å sende krav til regjeringa om høgare løyvingar til kommunen. Men det er dei såkalla Raud/Grøne som sit med makta på Voss også, og nett som SV i regjering er SV lokalt utruleg lojale oppover i systemet. Så enda på visa var at Raudt sitt framlegg til protest vart nedstemt av SV, SP og AP. Liknande saker har vorte rapportert frå andre kommunar, og eg vil nytta høve til å uttrykka sterk undring over at lojalitet er viktigare oppover i systemet enn den andre vegen. Det er folket me skal vera ansvarlege og lojale ovanfor, ikkje arbeidarpartiet!
Me har ei såkalla raud grøn regjering her i landet, sjølv om eg må tilstå at eg til tider har store problem med å finna både raude eller grøne trekk med politikken dei fører. Men denne regjeringa har altså uttala at det ikkje skal vera grunn til å skjera ned korkje innan helse og omsorg eller skule. Mellom anna kan det vera greit å hugsa kva soria moria erklæringa byrja med i kapittel 6: «Regjeringen anser en sterk og sunn kommuneøkonomi som en forutsetning for et godt velferdstilbud i hele landet.»
Regjeringa har svikta, og eg finn det merkelig at partier som kaller seg raude kan gå god for ein slik imperialistisk politikk me ser i dag. I staden for å investera i menneskelege verdiar, vert det investert 100 vis av milliardar i multinasjonale miljøverstingar og våpenprodusentar. Det denne regjeringa ikkje heilt har forstått endå er at pengar ein investerar i utanlandske selskap til sjuande og sist vil henga saman med vår eigen økonomi i dagens globaliserte turbokapitalisme. Med andre ord vil ein på sikt ha både bedre kontroll og bedre effekt av å investera pengane her heime. Og hadde desse fine dresskledde millionærane i regjeringa hatt litt tru på lokaldemokratiet, så hadde nok investeringane også komme. For å få tullingane til å skjønna alvoret må me syna dei at me ikkje er nikkedukker!
Mange trudde at då me fekk ei raud grøn regjering kunne me slappe av, og fordelinga ville bli annleis. Men det å bytta ut folka i kapitalforvaltninga vil ikkje åleine skapa eit betre og meir rettferdig samfunn. Kapitalens interesser vil framleis styra utviklinga. Og så lenge det er kapitalen som styrer samfunnsutviklinga, og ikkje behova, vil ikkje demokratiet fungera demokratisk. Kapitalismen er ein multinasjonal kraft som den norske regjering ikkje åleine kan bekjempa. Kapitalismen fører til dei evige runddansar av typen: grunna høg lønsvekst settest avgifter opp, og grunna avgiftsaukane lyt lønningane opp endå meir. Det er kapitalismen som er årsaken til nedskjeringane i budsjetta våre. Kapitalavkastarane krev sitt og dette går utover det offentlege altså folket.
Me har ikkje bruk for godseigarar i dagens Norge!
, 17, 2009
I dagens kapitalismestyrte samfunn har det vorte naudsynt for “dei herskande” og oppretta diverse “båsar” å plassera dei forskjellige samfunnsgruppene i. Før var det 2 hovudbåsar; kapitaleigarane og arbeidarane. Då arbeidarane byrja å organisera seg vart kampen for oppheving av klasseskilja viktig også for kapitaleigarane. Ikkje berre fordi dei ynskja å få bukt med skilnadene I samfunnet, men også for å framleis kunne halda fast med makta si.
Pga. kapitaleigarane sin “klassekamp” vart barrierane mellom arbeidarar og kapitaleigarar meir usynlege for folk flest. Men for å halda på makta måtte kapitaleigarane oppretta “nye båsar”. Det vart “dei eldre” ,”dei unge”, “innvandrarar”, “aleineforeldre”, “arbeidslause”, “sosialklientar” etc… Det som er felles for desse gruppene er at dei av kapitaleigarane vert sett på som “lite produktive”. Kapitalistane kjem sjeldan med positive yttringar i høve desse gruppene. Noko som utifrå eit konspiratorisk syn er ein sjølvsagt sak. Dersom arbeidarklassen vert redusert til ulike grupper med ulike særinteresser vert sjansen for eit unisont opprør mot kapitalistane atskilleg mindre.
For å få oppheva kapitaleigarane sine merkelappar nyttar det ikkje med reformar via statsbudsjettet. Folk må organisera seg, og sameina kampen sin. Det er framleis berre 2 reelle grupperingar I samfunnet. Det er framleis arbeidarklassen sin kamp mot kapitaleigarane!
Linux er politikk
, 14, 2009
Fyrst litt om Linux: GNU/Linux er eit operativsystem utvikla av vanlege folk for vanlege folk. GNU er eit sett med program frå The GNU Project av The Free Software Foundation. Linux er kjernen i operativsystemet, dvs det programmet som gjer at alle andre program kan kommunisera med eller fungere på maskina. Kva er politisk med Linux: I og med at GNU/Linux er utvikla av vanlege folk og ikkje store multinasjonale selskap får ein eindel fordelar, mellom anna: I GNU/Linux slepp ein at eit stort konsern som står bak operativsystemet plutselig fjernar støtta for eit tidligare støtta program eller komponent, ettersom (Linux/GNU) ikkje kan gå konkurs eller bli kjøpt opp. Fri og open kjeldekode som GNU/Linux utviklarane er forkjempare for, medfører veldokumenterte filformat som også kan nyttast i framtida. Ikkje minst kan andre programutviklare vederlagsfritt ta dette i bruk. GNU/Linux er eit reellt alternativ til dei som ynskjer å bryta monopolet i OS markedet som Microsoft i alt for mange år har fått diktere som dei sjølv vil. GNU/Linux er utvikla av brukarane sjølv, og verker slik brukarane vil at det skal virke og det finnst ingen funksjonar som forsøker å beskytta brukarane frå “sin eigen dumskap”, slik ein finn eksempel på både hjå Microsoft og Mac. GNU/Linux baserer seg mellom anna på sikkerhet gjennom Linus’ lov i motsetnad til proprietære system som baserer seg på en tro om at ukjente sikkerhetshull ikke vil bli utnyttet. Linux er laga av folket, for folket og er som dei fleste av oss ynskjer, også gratis! Linux er eit eksempel på at folk sjølv kan ta styringa og utvikla eit samfunn utan innblanding frå kapitalsterke interesser. Ei liste over Linux distribusjoner samt meir informasjon finn du mellom anna påwikipedia. Under ligg eit bilete av “desktopen” min. Opensuse 11.1 med Kde 4.3
Liberalisme?
, 13, 2009
Liberalisme som politisk omgrep har opphav i den filosofiske retninga liberalisme, som voks fram ut av idéane til dei store tenkjarane i opplysningstida. Den opphavelege liberalismen la vekt på å avgrense den politiske makta og framheve dei individuelle rettane i samfunnet i ei tid då konge- og statsmakta var praktisk tala allmektig. Charles de Montesquieu som var ei av desse tenkjarane frå opplysningstida forsøkte å avgrense den politiske makta ved å nedfelle eit sett rettar han meinte alle menneske hadde frå naturen, og eit sett grenser ingen - ikkje ein gong kongen - kunne krysse utan å verte ein tyrann. Dette var ein del av grunnlaget for humanismen, som igjen vert rekna som ein del av grunnlaget for liberalismen.
Denne opprinnelege libaralismen er milevis unna det Framstegspartiet i dag kaller liberalisme. I dag taler det største liberalistiske partiet i Noreg varmt om strengare straffar, utvisning av framandkulturelle og større klasseskiljer gjennom å senka skattane for dei rikaste. Med andre ord står partiet langt unna dei opprinnelege liberalistiske tankane. Liberalisme som politisk ideologi har utvikla seg frå å vera ein humanistisk retning til å nærma seg ein egosentrisk utvikling, der fleirtalets diktatur er styrande for utviklinga. Det egosentriske og tanken om at eigen nasjonalstat er viktigare enn andre er etter kvart vorte eit symbol på utviklinga i politikken deirans. Dette såkalla liberale partiet, som i utgangspunktet skulle vera imot maktovergrep frå dei leiiande gjennomførte i 2000 eksklusjon av fleire medlemmer etter at dei nekta å gjennomføre landsmøtet sitt vedtak om at formannskapet i partiet alltid skal stå øvst på stortingsvallistene i sine respektive fylkeslag. Eit slikt vedtak er sjølvsagt milevis unna all humanistisk og liberalistisk tenkning. Det einaste som er igjen av liberalistisk tankegang er overført og tilgodegjort næringslivet, som etter FrP sin tankegang skal få mykje friare tøyler. Ein slik missforstått liberalisme vil berre føra til høgare arbeidsløyse, større klasseskiljer og meir kriminalitet. Eit land som i årevis har vore eksponent for ein slik utvikling er USA, og eg trur dei aller færraste ekte liberalistar ynskjer seg ein slik utvikling.
Slik eg ser det er mykje av tankegodset bak den opprinnelege liberalismen god. Enkeltmennesket treng fridom, og makta til dei som styrer må for all del begrensast. Problemet er at ekte liberalisme vil aldri fungere før alle mennesker i utgangspunktet stiller med like mogelegheiter. Ein klok mann sa ein gong at min fridom begrenses av min nabos ufridom, og dette trur eg det ligg mykje klokskap i. For at me alle skal kunne få like mogelegheiter, må ein ta grep i den økonomiske politikken. Her meiner eg svaret ligg i ein reell omveltning, kall det gjerne revolusjon, der resursane i samfunnet vert omfordelt. Det viktigaste verktøyet for utføringa av ein slik omveltning, er folk sin eigen innsats. Difor må folk sjølv ta tak i saker. Byråkratiet og politikarar åleine kan ikkje snu samfunnsutviklinga eller å laga ein politikk som er utforma for å gagna folk flest. Raudt er i dag det einaste partiet som vil sloss for eit samfunn der folk aktivt er med å styra sin eigen kvardag, eit samfunn der folk yt etter evne og får etter behov. Eit reellt humanistisk samfunn der alle folk kan vera med å styra utviklinga.
Men hvorfor det da?
, 12, 2009
Eit inlegg av kommunestyrertepresentant på Voss, Elisabeth Daae Kaldestad (Raudt), om utviklinga i den offentlege helsesektoren. Dette innlegget vart opprinneleg dkrive som eit innlegg i lokalavisa “Hordaland” for vel 4 år sidan, men er diverre etter 4 år utan venstreopposisjon på stortinget, meir aktuellt enn nokon gong.
Som gammel sykepleier utdannet først på 60-tallet undrer jeg meg over utviklingen i offentlig sektor.
Den gang var det flere faglig ansatte pr. pasientgruppe enn nå. Da hadde landet utenlandsgjeld, og likevel ”råd” til nok personell. Nå er det færre ansatte pr. pasientgruppe og landet har ingen utenlandsgjeld, tvertom vi har ”penger på bok”. Kommunene får likevel ikke nok penger overført til å opprettholde nåværende nivå på sine tjenester, men må foreta nedskjæringer overalt.
Hva er grunnen til det? Er det ikke lenger ”lønnsomt” å investere i offentlig sektor? Er det mer lønnsomt med privat investering? Hvorfor blir private rikere og det offentlige fattigere? Er det mulig å få et fornuftig svar på dette? Selv undres jeg om det er slik, at det ikke er lønnsomt å investere i god omsorg ved sykdom og alderdom, og i barn – men hvorfor det da? Skulle ikke helse og barn være landets viktigste prioritet. Tross alt er barna vår framtid, og god omsorg i sykdom og alderdom er noe som kommer oss alle til gode engang.
Noen politikere hevder at alt blir bedre om private overtar helse og sosial tjenester. Men hvordan kan private drive sjukeheimer og heimetjenester rimeligere og samtidig bedre kvaliteten på tjenesten? For å få rimeligere tjenester må enten antall ansatte skjæres ned, eller fagpersonell erstattes med ufaglærte som ”koster mindre”, eller – kanskje tenker man seg et minimuns antall fast ansatt, og at man leier inn personell etter behov. Hvis dette er den løsning vil det gå utover kontinuteten i tjenesten og derved kvaliteten. Og kvaliteten var vel den som skulle bedres, eller hva?
Jeg hevder at for å beholde eller øke kvaliteten på tjenesten må flere være fast ansatt. Kontinutet og et mindre antall brukere pr. ansatte er den eneste løsning for å bedre kvaliteten. Da vil brukere og ansatt bli godt kjent, det vil bli tillit og trygghet i sammarbeidet, brukere vil oppleve seg trygt ivaretatt, og ansatt vil ha en god og givende arbeidssituasjon. Kanskje dette også er løsningen på å få ned sykefraværet?
Sosialhjelp
, 9, 2009
Tal frå Statistisk Sentralbyrå, innrapportert av Voss kommune sjølv, viser at 5,3 prosent av alle innbyggjarar i aldersgruppa 20-66 år er mottakarar av økonomisk sosial-
hjelp. Av 20 tilfeldige vossingar i yrkesaktiv alder vil det såleis vera minst ein sosialhjelpsmottakar.
Raudt har i mange år vore åleine på Voss om å ville gjere noko for denne gruppa. Dei siste 6 åra har Raudt kome med framlegg om å auke sosialstønadssatsane, og auke bemanninga på sosialkontoret. For 4 år sidan fekk me satt ein stoppar for bruken av arbeidsbrakker som husvære for boliglause, og i fjor haust fekk me gjennomslag for ein auke i bemanninga ved sosialkontoret med 1,5 årsverk. Likevel syner statistikken at Voss framleis har færre tilsette per sosialhjelpsmottakar enn det gjennomsnittskommunen har. Utan nok kvalifisert arbeidskraft vert konsekvensen brannslokking i staden for førebygging og oppfylgjing. Dette syner igjen på dei offisielle tala frå SSB som syner at Voss er den kommunen i Hordaland med lengst handsamingstid i høve det å få mottakarane ut av uføret sitt, med ein gjennomsnittleg handsamingstid på 6,2 månader.
Eit anna moment som også bør takast med her er at Voss kommune ligg fleire tusen kroner under anbefalt nivå for utbetaling av sosialstønad. I snitt får gruppa 5.199 kroner i stønad pr månad. Bergen yter til samanlikning 7.765 kroner til kvar mottakar. Denne summen skal halde til kær/sko, mat, barn, lisensar, straum m.m., sjå full liste. Utan ein reell mogelegheit til å bygga seg opp kapital, er også mogelegheiten for å koma ut av uføre mindre. Berre spør kven som helst av dei grådigaste investorane og kapitalistane i landet, dei vil gje deg same svar, sjølv om dei neppe tenker at dette også gjeld for dei fattigaste av dei fattige.
Me treng eit reellt løft for dei som fell utanfor i samfunnet og med bakgrunn i eigen erfaring frå Voss er det nok desverre berre Raudt som er ein garantist for at dei svakastes situasjon vert sett på dagsorden.
Skulepolitikk
, 24, 2009
Partiet høgre har presentert seg som det partiet som satser på skule. Dag ut og dag inn vert det prenta inn i oss frå “seriøse” medieaktører som TV2, Dagbladet og VG, at høgre ynskjer å satse på kvalitet og kunnskap i skulen. Dette er vel og bra, og det er vel ingen parti som meiner noko anna. Men at eit parti som så seint som i 1994 gjekk imot at det skulle vera ein lovfesta rett til 3-årig vidaregåande skule skal få så mykje merksemd i skulespørsmål er for meg merkeleg.
Det som er problemet i dag er ikkje fyrst og fremst som eindel borgarlege parti hevdar at lærarane ikkje har nok kunnskap. Problemet er heller ikkje for lite skulegang slik SV hevdar med å gå inn for heildagsskule. I dagens samfunn der all fritid er vorte gjennomorganisert, treng borna våre meir fritid, ikkje mindre.
Problemet er at kommunane gjennom stadig fleire lovpålagde oppgåver har sett seg nødde til å ta i bruk bedriftsøkonomisk tankegang også i høve skuledrift. Dette har ført med seg færre lokalskular, fleire elevar per lærar og dårlegare utstyrte skular. På toppen av dette kjem stadig nye krav frå myndigheitene om meir rasjonell drift, fleire pålagde rapportar, og generellt meir dokumentskriving.
Det er òg i den seinare tida lagt vekt på at skulane i staden for å kosentrera seg om elevane og læreprosessen, skal konkurrere mot kvarandre. For å kunne sammenlikne og rangera skulane kom dei nasjonale prøvane. Lærarane druknar i rapportskriving og skjemaer, som tek tid og krefter frå læresituasjonen som vel skulle ha vore det essensielle i skulekvardagen.
Raudt ynskjer å snu denne utviklinga og arbeider for:
Å gjeninnføre klassen som økonomisk og sosial grunneinheit som utløser lærarressurser
Ein offentleg, gratis grunnskole der folk bur
Å auke antalet lærere – ingen klasser med meir enn 20 elevar
Å avskaffa all stykkprisfinansiering
Å stanse nasjonale prøver – ingen offentliggjering av resultatene
Å stanse skjemaveldet – la lærarane undervise!
For folk flest?
, 21, 2009
img
Dagsavisen kunne nyleg avsløra at det sirkulerte ein epost mellom landets leiande finans- og næringslivselite med oppmoding om kronerulling til fordel for Framstegspartiet. For dei som måtte ha levd i den mediaskapte villfarelsen om at FrP er eit parti for folk flest, kjem nok denne avsløringen som ein overaskelse. FrP har jo ofte stått fram i “seriøse” media som VG og Dagbladet og kritisert grådighetskulturen blant næringslivstoppar. Det er synd at dei “seriøse” mediabedriftene, som merkeleg nok er eigd av landets leiande finans- og næringslivselite, ikkje har makta å gjennomskua partiets verkeleg politikk.
Avisa Klassekampen kunne nyleg presentera tal på skattepolitikken til partiet som hevdar dei er for folk flest. Her syner det seg at Norges 17 rikaste personar vil spare over 500 millioner kroner med FrP’s skattepolitikk. Kjell Inge Røkke åleine vil få eit skattekutt på 110 millioner kroner. Samtidig viser det seg at folk med låge inntekter vil få svært små endringar i sine skattar. Då er det grunn til å spørra seg, kjem dette folk flest til gode?
Til samanlikning vil Raudt sin skattemodell føra til relativt store skatteletter for hjelpepleiarar og andre lågtlønna, medan næringslivstoppar og finanseliten vil måtte betale atskilleg meir til felleskassa slik at ein kan oppretthalde gode velferdstilbod for alle innbyggere i landet vårt. Les meir om raudt sin finanspolitikk på http://roedt.no/prog … am/arbeidsprogram/#1
Full semje om ny E16?
, 19, 2009
full-semje-om-ny-e1627.jpg
Avisa Hordaland slår stort opp på førstesida av nettutgåva si at eit samla Voss kommunestyre torsdag stillte seg bak planen for ny E16-trasé mellom Lundarosen og Oppheim. I fylgje oppslaget i lokalavisa tok politikarar over heile partispekteret ordet i saka og sa seg glade for utbygginga som ventar.
Raudt tok også ordet i denne saka, slik me har for vane å gjera i dei fleste saker. I innlegget som vart helde frå Raudt vart det peika på fleire negative konsekvensar kring desse utbyggingsplanane. Fleire stader stod det mellom anna i saksutgreiinga at økonomiske hensyn vart sett framfor miljøhensyn. Raudt sette også søkjelys på at store deler dyrka jord no måtte bøta med livet til fordel for 4 felts veg og store rundkjøyringar, noko raudt sin representant kalla for stormannsgalsskap. Raudt proklamerte også frå talarstolen at planen som heilheit var i uttakt med nasjonale mål om å begrensa privatbilismen, og at dette måtte vera med i tankane vidare når det skal utarbeidast reguleringsplanar.
Når Raudt likevel til slutt røysta for planen var det fordi det no er lova utbetring av vegen stader der det no er dirkete fårleg å ferdast, samt eit samanhengande gang og sykkelvegnett som vil gjera kvardagen atskilleg tryggare for dei som let bilen stå att heime. Men me lovar å vera aktive i høve reguleringshandsaminga som vil fylgje i kjølvatnet av denne saka. Og Raudt vil pressa hardt på for å få betra både jordvernsinteressene og miljøaspekta i saka.
3400 nye hytter!
Jarmund_Vigsn_s_2_J_444270c.jpg
Kommunedelplan for Myrkdalen tek høgde for 3.400 nye fritidsbustader og fem nye skiheisar. Dette skal førast opp i eit område i nærleiken av fjellheimen villreinområde, dessutan er det ikkje eit ukjent fenomen at det til tider har gått ras i området. Myrkdalen har i dei seinare åra vore utsett for ei massiv utbygging, både av hytter, hotel og skianlegg. Argumentet før utbygging var at dette ville føre med seg arbeidsplasser og dermed fleire folk i bygda. Etter 5 år med drift har me sett nedgang i folketalet, og auka arbeidsløyse mellom dei fastbuande. Når desse fakta ligg på bordet skulle ein tru at det i det minste var delte oppfatningar kring utbygginga mellom lokalpolitikarane på Voss, men nei. Her er det brei semje frå Frp til SV om at dette er eit godt tiltak, både miljømessig og økonomisk. Berre Raudt og eindel av lokalbefolkinga har vore motstandarar av prosjektet.
Hytter, miljø og finanskrise
, 31, 2009
1450_126.jpg?size=520×402
Raudt har i mange år vore einaste kritiske røyst på Voss i høve storstillte hytteutbyggingsprosjekt. No sist var ei sak om oppføring av nye hytter i Bavallslia framme i kommunestyret, og nok ein gong fekk ein eit bevis på kor djupt den såkalla miljøsaka stikk hjå dei såkalla miljøpartia SV og Venstre. - Ja nok eingong var Raudt den einaste kritiske røysta.
For å underbyggja synet vårt har eg gulpa opp nokre fakta frå SSB:
*Straumforbruket i hytter og fritisbustader auka med over 12% i perioden 2005 - 2007.
*Den kommunen i Noreg med færrast hytter, Oslo, er også den kommunen med lågast energiforbruk pr. innbyggjar.
*I perioden 2005 - 2007 vart det bygd ca 10 000 nye hytter og fritidsbustader.
Dei kalde fakta fortel oss at desse storstillte hytteutbyggingane er miljøbomber, som i neste omgong går utover vanlege arbeidarar gjennom eit aukande behov for nye kraftutbyggingar.
I tillegg til dette skal me ikkje gløyme at me i dag er i ein svært spessiell situasjon. I heile den kapitalistiske verda er no hundretals-millionar av menneske råka av finanskrisa grunna den håplause reguleringsfrie pengepolitikken som er vorten ført. I ei slik tid er det viktigare enn nokon gong at ein invisterer i det offentlege, diverre er det berre i ein kapitalists våte draum at store private utbyggingar ikkje får ringverknader også for offentleg utbygging. Då er det betre å konsentrera kreftene om å ruste opp skular, jernbane og velferdstilbod, enn å stadig opne opp for nye miljøfiendtlege tiltak for næringslivet.
Parkeringsløyve for røyrslehemma
, 15, 2009
Raudt Voss går inn for liberalisering av reglane som gjeld utskriving av parkeringsløyve for røyrslehemma. Raudt medlem og kommunestyrerepresentant Elisabeth Daae Kaldestad, har i løpet av dei siste 2 åra vore med på ei rekkje saker i klagenmnda. Det har synt seg der at klage på avslag som gjeld parkeringsløyve har vore sterkt overrepresentert. No er det vorte varsla at ei sak om dette reglementet skal takast opp til handsaming på neste kommunestyremøte, torsdag 28.05.
her fylgjer noko av argumentasjonen for at ein meir liberal praksis er naudsynt:
Berre ca 0,5 % av søknadane som gjeld denne gruppa vert godkjent på Voss, i Bergen ligg dette talet på ca 1 %.
Det er særs vanskeleg for røyrslehemma å parkere på vanlege parkeringsplassar på Voss, sjølv om vedkommande er i stand til å gå. Dette er eit resultat av at vår såkalla miljøgate har trafikk begge veger og særs trange parkeringsavlukker. Dette vanskeleggjer prosessen med å få rullestolar og anna turvande utstyr ut av bilane.
Det har òg synt seg i praksis at røyrslehemma som er avhengig av sjåfør og fylgje, for å kunne fritt bevega seg på offentleg område, har fått parkeringsbot grunna avslegne søknader om parkeringsløyve.
Raudt Voss meiner det er viktig at ein ser på hensikten bak handikapparkering, og kven desse retningslinjene er laga for. Reglementet må tena den dei gjeld, og ikkje dei som handterar reglementet.
Voss Kommunestyre på Facebook!
, 24, 2009
Raudt Voss har teke initiativ til å lage ei ny facebook gruppe, med bakgrunn i valflesk frå Voss arbeidarparti. Under lokalvalkampen for 2 år sidan, gjekk leiiande AP-representantar ut og lova og oppretta spørretime i samband med kommunestyremøter. AP forklarte at dette var eit lekk i å utvida lokaldemokratiet, og samstundes ansvarleggjera lokalpolitikarane. Det høyrer og med til historia at dette er eit punkt som fleire gonger har stått på valprogrammet til Raudt og RV.
No vel 2 år seinare er det framleis ingen spørretime i samband med kommunestyremøta, og tilsynelatande er det svært lite som er gjort i høve det å ansvarleggjera lokalpolitikarane ytterlegare. Raudt Voss har difor oppretta Facebookgruppa “Voss Kommunestyre“. Her ynskjer me å invitera alle politisk intereserte vossingar til å stilla spørsmål og koma med framlegg slik at kommunen vår kan bli ein endå betre plass å bu.
Finanskrisa
, 17, 2008
Tornadoen me har sett i finansmarknaden den siste tida har vore forårsaka av den amerikanske subprime-krisen. Subprime vart ein betegning på boliglån som vart gjeve til kjøpere med dårlige økonomiske forutsetningar. Iallefall er det dette som er den offisielle versjonen kapitalistar ynskjer å gje oss. Men om me ser forbi den akutte krisa som har oppstått, og som iallefall delvis kan sporast tilbake til grådige bankar i USA, vil me sjå at det i dei siste åra har vore ein enorm auke i all økonomisk konkuranse kring heile verda, dette som eit resultat av den raske globaliseringa av økonomien. Med andre ord er det min påstand at subprimekrisa berre er eit resultat av globaliseringa, og som alle veit er globaliseringa igjen eit resultat av at det kapitalistiske systemet hadde behov for å auka sin marknad. Marknaden vart for liten, og måtte ekspanderast.
Den ellers så konservative sosialdemokratiske statsministaren i Storbrittannia, Gordon Brown, er på langt veg einig med meg i dette, då han hevdar at finanskrisa ikkje er ei finansiellkrise, men ein systemkrise. Gordon Brown har uttala at det verkemiddelet ein har no for å trygga kapitalismen som system er å nasjonalisera finansielle institusjonar, eit arbeid han alt har starta på. For berre eit par år sidan, ville slike tiltak vorte sett på som sosialistiske, og endåtil revolusjonære. Då Chavez i Venezuela gjorde det same for nokre år sidan, kom det skarpe reaksjonar frå George Bush og hans likemenn i USA, Bush og hans likemenn kalla Venezuela’s nasjonalisering av resursar for ein trussel mot demokratiet. I førre veka kom så rapportane om at no har endåtil den mest konservative av dei alle, George Bush sjølv, gått til det skrittet å delnasjonalisera fleire finansinstitusjonar.
Globaliseringa har ført til meir handel med u-land, som igjen har ført til auka matmangel hjå dei fattigaste av dei fattige, dette fordi dei globaliserte handlarane har nytta u-landas arbeidskraft og resursar i produksjon for dei rike. Så når ein spør seg om globaliseringa og kapitalismen har feila, vert svaret eit rungande nei. Globaliseringa sitt mål var å auke handelen, og det er nett det han har gjort. Men handel er ikkje i seg sjølv ein verdi for eit samfunn. Handel kan derimot vera eit verkemiddel for dei verkelege verdiane, folket.
Gjennom dei siste 100 åra er det kapitaleigarane og forvaltarane som har hatt den reelle makta i samfunnet. Alle opposisjonelle har blitt påverka av kva denne gruppa maktpersonar meiner til ein kvar tid. Kapitalen sin eigenrolle har vorte styrt utifrå kapitalismens prinsipp, som gjev makt ikkje berre til den som har, forvaltar eller får tildelt kapital, men også kapitalen sjølv som ein særeigen interesse. Kapitalen vert ein faktor som gjev makt til den som forvaltar henne. Målet vert ikkje å gjere det beste for folket, men å gjere det beste for ein riktig kapitalutvikling.
Det kapitalistane har gløymt er at folk består av individ, med eigne interesser mål, håp og draumar. Individas ynskjer kan aldri samanfattast på ein slik måte at kvart einskild individs draumar vert synkronisert med kapitalismens logikk for forvaltning av kapital. For kapitalismen vert individa redusert til kapitalresursar. Og desse resursane må forvaltast på ein måte som gjer at kapitalen ikkje vert skada. På denne måten har det kapitalistiske systemet klart å gjera folket til slavar av ein ikkje-organisk masse. Difor meiner underteikna at regjeringas svar, som er å spytta 350 milliarder kroner inn i bankvesenet, i beste fall kan vera eit kortsiktig gode for dei rikaste av dei rike.
Raudt og forgjengarane RV og AKP, har hevda sidan byrjinga av 1970-talet at såkalla finanskrisar vil oppstå med jamne mellomrom. Resultata av desse krisane vil alltid gå hardast utover dei som alt har minst. Sjølv om finansmarknaden kjem seg på fote igjen, vil det i kjølvatnet ligga igjen tusenvis av delvis øydelagde liv og knuste draumar. No er det på tide å stoppa galskapen! Me lyt koma saman og stilla dei verkelege spørsmåla, og saman laga ein ny og trygg framtid for alle. Utfordringa me står ovanfor no er ikkje å løysa den finansielle krisa, men å finna nye løysingar. Korleis kan me unngå at me også i framtida gjer individet til slavar av ein ikkje-organisk masse. Korleis skal menneska kunne kontrollera og forvalta verdiane i samfunnet på ein slik måte at ein ikkje øydelegg jorda me er avhengige av. Korleis skal me kunne forvalta naturresursane på ein slik måte at alle får det dei har krav på? Svaret er iallefall ikkje å finna i kapitalismen. Kapitalismen har feila, og om han kjem over denne bøygen vil det snart koma nye kriser. Globalisering og handel er ikkje i seg sjølv negative ting. Men handelen må ha sitt utgangspunkt i kva som er til gode for folk og natur, ikkje kva som gagnar kapitalen. Om politikarar hadde einast om dette målet, trur eg framtidsutsiktane hadde sett mykje lysare ut.
Metallica - Death Magnetic
, 12, 2008
Well, the day for the new Metallica album to hit the stores are approaching fast. Lucky as I am, I got hold of the the songs 12 days ago from some pr dude.
So here are my imidiate response to Death Magnetic:
At the first listen the album sounds like a desperate try to become something they once were. The songs sounds like jam sessions, with a lot of riffs that really doesnt belong in any context. And whatever happened to James? His singing are terrible at times, cut out all the “whoas” and “yeahs”! The positive thing I had to say after the first listen was that the speed and soloes are back.
Second listen:
The songs are growing, some of the riffs are actually great. But it still sounds a bit like a hard rock band trying to be something they are not. But then againsome songs like “my apocalypse” and “the judas kiss” are actually great songs.
Third listen:
The songs and the album keeps growing on me. And it starts to stand clear for me that Metallica has released their best album in 20 years. It’s not in the league of their first four albums, but it’s a big step in right direction. The worst thing after 3 listens has to be the lyrics. But I guess that when youre a multimillionaire, it’s hard to be angry anymore. Sadly this makes some of the albums agression kinda hard to take seriously.
Fourth listen:
The songs stops growing, and they actually sounds a bit unfinished. The album is ok, but theres nothing special. It sounds like an old thrash metal band that wants to come together and thrash after 30 years. Not good, not bad, just average.
Individet og kapitalen
Statens rolle:
I dei såkalla vestlege demokratia vert me opplærte til å tru at me lever i såkalla rettstatar. Me har rettar og pliktar som samanfattast med den einskilde stats retningsliner. Desse retningslinjene eller lovane vert etter sigende bestemt av folkevalde organ, som igjen overlater til profesjonelle og utøve og kontrollere. I dei fleste statar er det politiet som utøver kontrollen, medan eit rettsapparat står for utøving av straff for dei som ikkje held seg innafor rammane staten har sett for kva som til ein kvar tid er riktig å gjere. Kort fortalt er dei vestlege demokratia tilsynelatande bygd opp om 2 formar for maktsentra. Dei folkevalde organa og dei profesjonelle yrkesgruppene som utfører det praktiske arbeidet.
Dette er i og for seg ikkje så ille reint ideologisk (sjølv om også denne ideologien sjølvsagt kan og bør utfordrast), ettersom tanken bak er at dei folkevalde organa skal styre den profesjonelle utviklinga. Men tek ein opp i seg det ubestridelege faktum at den moderne staten er bygd opp kring den kapitalistiske ideologien, kjem ein ny faktor inn i bildet. Kapitalen vert i seg sjølv ein maktfaktor, ikkje berre i høve til dei profesjonelle som er avhengig av kapital for å utøve sin plikt ovanfor dei folkevalde organa, men også for dei folkevalde som er avhengig av støtte frå dei som sit på kapitalen. Med andre ord vert den største maktfaktoren i dei vestlege demokratia kapitaleigarane og kapitalforvaltarane. På denne måten har den såkalla frie marknaden som kapitalismen i praksis er, vorte sin eigen slave. Marknaden er vorte avhengig av ein ikkje organisk kraft som styrar den organiske utviklinga.
Indoktrinering:
Alt frå tidleg barndom vert me lært opp til å tru på at den allmektige kapitalens rolle er avgjerande for alt i livet. Anten ein kjem frå ein fattig familie som må snu på skillingen, og spara når det er mogeleg, eller om ein kjem frå ein rik familie, der målet er og forvalta kapitalen på ein mest mogeleg fornuftig måte. Samstundes kjem det påverknad frå verda rundt i form av media og reklame. Dette gjer at ein alt frå liten alder er innprenta kor viktig rolle kapital har det einskilde individs liv. Eit merkeleg fenomen sett frå eit såkalla radikalt ståstad er at i oppdragingsfasen av barn, er kapitalens rolle eit viktigare tema enn jordklodens framtid. Unger vert gjennom statleg og privat propaganda lært opp til å tru at det viktigaste ein kan gjera for å bevare jorda for framtida, er å sortere boss og nytta pengar på ein klok måte. Ein større løgn skal ein vel leita lenge etter.
Det interessante her er vel at private kapitalinteressen og dei store statlege indoktrineringsinstitusjonane får halde på med denne falske propagandaen så å seie uutfordra.
Kapitaleigaranes rolle:
I dagens samfunn er det kapitaleigarane og forvaltarane som sit på den reelle makta i samfunnet. Presse, folkevalde, intellektuelle, opposisjon etc.. er alle avhengig av støtte frå ein eller fleire representantar for denne gruppa. Difor vert meiningar, ytringar og også opposisjonelle påverka av kva denne gruppa maktpersonar meiner til ein kvar tid. Kapitalen sin eigenrolle i dette vert styrt utifrå kapitalismens prinsipp, som gjev makt ikkje berre til den som har, forvaltar eller får tildelt kapital, men også kapitalen sjølv som ein særeigen interesse. Kapitalen vert ein faktor som gjev makt til den som forvaltar henne. Målet vert ikkje å gjere det beste for folket, men å gjere det beste for ein riktig kapitalutvikling. Nokre kapitalist ideologar vil hevde at dette igjen vil føra til ein riktig utvikling for folk flest. Men her gløymer dei det enkle faktum at kapital og folk ikkje er eller kan bli det same. Folk består av individ, med eigne interesser mål, håp og draumar. Individas ynskjer kan aldri samanfattast på ein slik måte at kvart einskild individs draumar vert synkronisert med kapitalismens logikk for forvaltning av kapital. For kapitalismen vert individa redusert til kapitalresursar. Og desse resursane må forvaltast på ein måte som gjer at kapitalen ikkje vert skada.
Miljøvern er elles eit tema som opptek mange i det offentlege lys. Her fokuserer ein på global oppvarming, og opplæring av utviklingsland. Kapitalstatane får fritt skyve problema vekk frå eigne territoria, og stemplar framtida for jorda som eit u-landsproblem. Miljøvernorganisasjonane som er heilt avhengig av økonomisk stønad for arbeidet sitt, fokuserer på utryddningstruga pattedyr og klimatruslar som kan råka dei rike landa. Men ein høyrer sjeldan eller aldri om økosystemets samanheng som ein del av den såkalla miljøkampen.
Arbeidsfolks rolle:
For kapitalforvaltarane vert arbeidsfolk eit middel for å skapa økonomisk vekst. Kvart einskild individ vert redusert til eit mogeleg middel for vekst av kapital og makt. Samstundes skjønar makthavarane, dei folkevalde, at dei også treng støtte frå arbeidarklassen for å behalde eller å få makt. Difor byggjer dei maktkåte bevisst vidare på vår barndoms indoktrinering. Arbeidarklassen vert lova økonomiske gode, ulike formar for fridom, og forutsigbar framtid, i retur mot at dei let kapitalen framleis vera den overskyggjande maktfaktoren i samfunnet. Arbeidarklassen vert med andre ord redusert til å vera nyttige idiotar for eit system som utnyttar arbeidskrafta deira på den grovaste måte i eit mildast tala rottent kapitalistisk spel. At ikkje arbeidarklassen som utvilsomt er i fleirtal gjer opprør mot dette systemet, kan nok i stor grad forklarast med kapitalismens evne til indoktrinering i tidlege år. Arbeidarklassen vert gjennom tidleg propaganda lært opp til å tru at det finst ein rekke ubestridelege sanningar i livet som ein ikkje kan endra på. Denne propagandaen vert berre forsterka av grupperingar av radikalarar som hyller dei som har gjort store feilgrep for å endra situasjonen. Eg tenkjer då spessiellt på gruppar som heidrar undertrykkande statsleiarar som Stalin og Ho Chi Minh. Desse grupperingane fungerer i praksis som ypperlege propagandistar for kapitalismen som system.
Klassekamp
I eit system som utnyttar den svake for å fremja den sterkes rett, er det naturleg at det vil oppstå klassemotseiingar. Desse motsetnadane vert flittig utnytta av dei maktkåte. Personar som ynskjer makt for maktas skuld (og hugs at makt og kapital går hand i hand), nører opp under motsetnader mellom folkegrupper, klassar og livssyn. Dette er ein sjølvsagt og logisk ting å gjera dersom ein ser på makt som eit mål. Faktisk er det slik at heile det såkalla demokratiske vestlege systemet bygger på denne forkastelege samfunnsmodellen. Ein skal velje mellom kandidatar, parti eller organisasjoner som ynskjer å bestemma over framtida di. Og ettersom systemet i bunn og grunn er tufta på kapitalens interesser, er det ein faktisk røyster over i val eit spørsmål om kven som skal vera med å styra kapitalen, og dens ikkje organiske interesser. Dette betyr ikkje at alle som stiller til val er grådige og/eller maktkåte. Det finst mange eksemplar på personar som vitterleg ynskjer endringar i samfunnsutviklinga. Men dei som ikkje tilhøyrer kapitalklassen må ha det klart for seg at kapitalismen aldri kan forsvinne som resultat av eit valg i eit kapitalistisk samfunn. Så om begrepet klassekamp skal nyttast, er det ikkje i kamp om possisjonar og makt, men som eit resultat av at arbeidarklassen samlast om å knusa det urettvise systemet som sakte men sikkert øydelegg for alles framtid på jorda.
Alternativa:
Opp igjennom historia er det vorte forsøkt med ulike alternativ til den sentraliserte kapitalismen. I Sovjetunionen vart det gjennomført ein arbeidarklasse revolusjon, der arbeidarklassen styrta det beståande makthierarkiet. Problemet vart at ein i staden for å endra samfunn strukturen, berre bytta ut maktforvaltarane, som framleis var like avhengig av kapital og midlar som alle andre forvaltarstatar. Makta bytta hender, nokre reformer vart gjennomført, men individet stod framleis igjen som ein slave, berre av eit nytt system.
Under den spanske revolusjonen på 1930 talet forsøkte ein seg på ein annan type revolusjon, her skulle ein ikkje byta ut det beståande apparatets leiing med ein ny leiing, men endra heile samfunn strukturen. Individa skulle sjølv styra samfunnet, ikkje mot andre klassar, men i lag med andre for å skapa ein ny klasse. Ein likeverdig klasse der alle individ har like stor påverknadsmulighet på samfunnsutviklinga. Det desse revolusjonære ikkje heilt skjønte var kor stor viljen til makt var hjå motstandarar av individuell fridom. Og ettersom kapitalismens vesen aldri vart knust, kunne dei med størst tilgang på kapital, lett knusa opprøret, noko som resulterte i eit langt fascistisk diktatur under leiing av den frykta diktatoren Franco.
I norge vart tidlegare revolusjonære og godt likte personar i arbeidarklassens rekker som Einar Gerhardsen, redusert til å verte ein del av systemforvaltninga. Når ein stiller til val på kapitalens premissar, og vert valgt inn i styre og stell på desse forutsetningane, kan ein ikkje endra samfunnet. Ein kan gjennomføra reformar, gjera livet enklare for folk. Men det faktum at individet er like mykje slavar av kapitalen gjenstår som eit ubestrideleg faktum.
Så det verkelege spørsmålet radikalarar bør stilla seg er ikkje kven som skal styra samfunnet, men korleis skal ein kunne knusa kapitalismen som system?.
I dei radikale kretsar er det mange som har teoriar om korleis dette skal føregå, men tek ein til etteretning den viten ein har fått gjennom fleire hundreårs radikal kamp, er ein ting rimeleg klart. Ein får ikkje knust det undertrykkande systemet gjennom å verte eindel av det.
Kommunen treng ungdom - Ungdom treng hus!
, 23, 2007
Voss kommune kan for tilreisande verka som ein idyllisk liten småby, med vakker natur og eit pulserande sentrum. Vel, om det er dette som er oppfattninga turistar sit igjen med er nok diverre oppfattninga eit stykke unna sanninga.
Voss kommune er ein av få kommunar på 14000 innbyggjarar som ikkje har eige utekontakt, fulltids-fritidsklubb eller ungdomshus.
Resultatet er at kommunen står bortimot utan tilbod til ungdom som ikkje finn idrett, folkemusikk eller speidaren spanande. Og tru det eller ei, men denne gruppa er det mange av.
Så kva skal ein stakkars 17 åring gjera på kveldstid? Skal me kommunestyrerepresentantar forventa at han sitja heime hjå mor og sjå på tv? Eller skal me innsjå reallitetane at han heller vil dra ned i sentrum der dei andre ungdommane heng i mangel av alternativ?
Eg trur ikkje det er så veldig vanskeleg for den normale lesar (eg skriv normal avdi eg veit det er eindel politikarar og som les her) å skjøna at dei aller fleste 17 åringar vel den siste løysinga. Men kva skal så ungdommen ta seg til når dei er i sentrum på kveldstid? Alle butikkar er stengd, og dei einaste kafeane som er opne har 18 års aldersgrense.
Eg trur at dei fleste som hugsar tilbake på si eige ungdomstid vil hugse korleis desse åra var, og korleis trongen for å oppleva nye ting stadig truga seg på deg.
Det er difor ikkje rart at mange av desse ungdommane utan tilbod vel å rusa seg. Og til gjengjeld får me store overskriftar i lokalpressa om ungdomsfyll, hærverk og bråk i sentrum på nattestid.
For å snu denne trenden må kommunen hjelpa ungdommen. Det ungdommen vil ha er ein tilhaldsstad. Det ungdommen fortener er eit hus som dei kan føla at dei er medeigarar i. Ein plass der dei kan møta andre i trygge rusfrie omgjevnader. Ein plass der lokal ungdomskultur kan utveklast og utfoldast. Difor går RV inn for at kommunen skal vera behjelpeleg ovanfor ungdommen i å finna eit hus, som kan styrast av ungdommen, for ungdommen på ungdommens eigne premissar.
AFP - for dei som er på alder med LO-sjefen
, 2, 2008
Lo, NHO og regjeringa skåler høgt og fortel om eit fantastisk vidunder. AFP er redda!?
Men, er dette sant, eller er det nok eit forsøk frå sosialdemokratiet på å gjennomføre borgerleg politikk gjennom nytale?
Ser me bak festtalane og dei lukkelege halvgamle menn med årsintekter på godt over millionen, finn me at ikkje alle har like stor grunn til å ropa hurra.
Desverre er det slik at den såkalla arbeidslinja vidareføres. Dette betyr at om du er snill, grei, og velger å vera lønsslave også etter at du har vorte 62 år, skal du belønnast med AFP i tillegg til din vanlege lønspose. Men er du derimot ung i dag, og sliten når du vert 62 år, vil du ikkje få ein dritt. Dette er bortimot så usosialt som det går ann å få det. AFP ordninga vert redusert til ein ordning for nokre få, der lønnslaveri vert belønna for dei som alt no byrjar å trekke på åra. Hadde ein derimot tatt ut denne fordyrande lønnslavetaktikken for å halda folk passive i arbeid, kunne også framtidige generasjonar nytt godt av ein AFP ordning. Men sosialdemokratiet har talt, og dei rike, feite, kvite menna med slips som røyster AP har fått det som dei vil. Slagordet dei åpent skulle brukt for å forsvara denne ordninga er ” Passifiser alle lag av folket, ikkje berre dei unge”.
Kor ligg ein lokalpolitikars lojalitet?
, 7, 2008
I kommunestyremøte torsdag 31.01.08 la kommunestyret føringar for den vidare behandlinga av skulestruktursaka. Dette vart gjort sjølv om saka ikkje er sendt ut på høyring endå. Etter framlegg frå AP vart fylgjande vedteke:
«1. Avdelinga for pedagogiske tenester må spara 4,7 millionar kroner gjennom generell effektivisering/ kvalitetsreduksjon.
2. Omfanget av reduksjonen kan bli redusert i samband med vedtak om framtidig skulestruktur i april 2008.».
Raudt fremja fyrst framlegg om å utsetja saka, fordi me meiner at saka må sjåast i samanheng med sak om skulestruktur som no vert sendt ut på høyring. Då dette fall mot 3 røyster (Raudt + 1 frå SV) fremja me eit framlegg om at manglande dekning på budsjettet skulle hentast gjennom skattenekt til staten. Pengane finst, og det er vår oppgåve som lokalpolitikarar å syta for at innbyggjarane i kommunen får best mogeleg tenestenivå. Det er innbyggjarane me representerar i kommunestyret, og det er dei me skal vera lojale mot, ikkje stortingsfolka. Dette betyr at me og andre som under valkampen lova å ikkje endra på dagens skulestruktur, må vera tøffe nok til å ta konsekvensen av dette. Framlegget om skattenekt fall mot Raudt sine 2 røyster.
Raud - Grøn imperialisme
, 6, 2008
Me har ei såkalla raud grøn regjering her i landet, sjølv om eg har vanskeleg for å finna korkje raude eller grøne trekk med politikken deirans. Men denne regjeringa har iallefall uttala at det ikkje skal vera grunn til å skjera ned korkje innan helse og omsorg eller skule. Mellom anna kan det vera greit å hugsa kva soria moria erklæringa byrja med i kapittel 6: «Regjeringen anser en sterk og sunn kommuneøkonomi som en forutsetning for et godt velferdstilbud i hele landet.» Fylgjer ein målsetningane til regjeringen skulle me i Voss kommune i dag hatt 40 fleire årsverk-stillingar innan helse og sosial sektoren, og meir enn 10 fleire årsverk innan skulesektoren.
Men Regjeringa har svikta, og eg finn det merkelig at partier som kaller seg raude kan gå god for ein slik imperialistisk politikk me ser i dag. I staden for å investera i menneskelege verdiar, vert det investert 100 vis av milliardar i multinasjonale miljøverstingar og våpenprodusentar. Realauken i frie inntekter til kommunane er i 2007 på 2,7%, dette høyres jo bra ut, og det hadde vore ok, om ein ikkje måtte ta med seg auka utgifter, nedbetaling av tidlegare underskot og generellt forfall som har pågått i meir enn 20 år.
Det denne regjeringa ikkje heilt har forstått endå er at pengar ein investerar i utanlandske selskap til sjuande og sist vil henga saman med vår eigen økonomi i dagens globaliserte turbokapitalisme. Inflasjonsfaren er dermed på sikt like trugande når ein invisterar i amerikanske selskap som i norske skular. Med andre ord vil ein på sikt ha både bedre kontroll og bedre effekt av å investera pengane her heime. Og hadde desse fine dresskledde millionærane i regjeringa hatt litt tru på lokaldemokratiet, så hadde nok investeringane også komme. Noko er forferdeleg gale med prioriteringane når regjeringa bruker meir pengar på 500 soldatar i Afghanistan enn på 14000 innbyggarar i Voss kommune. For å få tullingane til å skjønna alvoret må me syna dei at me ikkje er nikkedukker!
Mange trudde at då me fekk ei raud grøn regjering kunne me slappe av, og fordelinga ville bli annleis. Men det å bytta ut folka i kapitalforvaltninga vil ikkje åleine skapa eit betre og meir rettferdig samfunn. Kapitalens interesser vil framleis styra utviklinga. Og så lenge det er kapitalen som styrer samfunnsutviklinga, og ikkje behova, vil ikkje demokratiet fungera demokratisk. Kapitalismen er ein multinasjonal kraft som den norske regjering ikkje åleine kan bekjempa. Kapitalismen fører til dei evige runddansar av typen: grunna høg lønsvekst settest avgifter opp, og grunna avgiftsaukane lyt lønningane opp endå meir. Det er kapitalismen som er årsaken til nedskjeringane i budsjetta våre. Kapitalavkastarane krev sitt og dette går utover alle dei kapitalsvake i samfunnet vårt. Einar Gerhardsen som ein gong i tida tilhøyrte eit sosialistisk arbeidarparti sa ein gong i ein tale på youngstorget tidleg på 1920 talet: ”Det er ingen aktivitet blant oss, vi er altfor skikkelige” I samme talen oppmoda han også arbeidsfolk om å kreva sin rett gjennom oppvigleri mot staten. Dette fekk han 120 dagers fengsel for. Eg vil oppmoda kommunestyret på Voss om å vera modige nok til å ta oppmodinga frå Gerhardsen.
Gaupe og kommunepolitikk
, 7, 2007
1_gaupe.jpg
For ei tid tilbake var det oppe ei sak om vilt og freding av sådanne i kommunestyret på Voss. Som sikkert mange kjenner til er det på Voss ei rimeleg solid gaupe-stamme på ca 50 dyr, og som sikkert like mange kjenner til er dette fantastiske dyret freda. Difor stussa eg litt når ikkje gaupa var nemnt med eit einaste ord i viltplanen for Voss kommune. Og som den engsajerte karen eg er fremja eg eit framlegg om å innrullera gaupa som eit av dei freda dyreslaga på Voss.
Eg diskuterte dette litt med nokre av dei andre politikarane i forkant av møtet, og alle tykte dette var ei god idè. Problemet for dei andre politikarane kom etter at eg hadde fremja framlegget mitt. Då kom nemleg ein av dei fine i dress og slips frå byråkratiet (kommunalsjef i administrasjonen), og opplyste oss om at gaupa offisielt sett ikkje finst på Voss. I eit stortingsdokument frå slutten av 90 talet, står det nemleg at dette dyret ikkje finst her i kommunen, og me kan difor ikkje ha med dyret i ei plan over freda dyr. HÆ!
Eg entra talarstolen igjen å prøvde å fortelja salen at sjølv om dei fine folka i stortingsklede ikkje har sett gaupa på Voss, så finst han likevel, jammen var det ikkje såvel gaupejakt her i kommunen så seint som i 2003. Men nei, etter at dei lojale undersåttane av dei fine i stortingsklede hadde høyrt øvrigheitas syn, fekk framlegget mitt kun mi eiga røyst.
Lojalitet oppover er ein merkeleg ting, tenk om fleirtalet av kommunepolitikarane hadde vore like lojale mot røystarane sine….
NoMeansNo
, 1, 2007
nomeansno-live2-0704.jpg
Torsdag 28.06.07 fekk vossingar endeleg sjansen til å sjå pønkens bestefedre NoMeansNo live. Bandet gjekk på scena i Fraktgodsen kl. 00:30, og alt frå første bassakord var det klart at dei eldre herrane i 50 åra var klare til å gje alt.
Dei eldre herrane frå Cannada leverte den eine hiten etter den andre og ca 300-400 publikummarar fekk ein oppvisning dei seint vil gløyma.
Klassikarar som “the tower” og “hey,hey, my my” fekk vossingane til å kasta seg ut i aktiv pogodans. NoMeansNo synte for alle og einkvar at god politisk pønk ikkje treng å verte spelt av dei under 30. Sanninga er vel at NoMeansNo gjev mykje meir av seg sjølv enn dei fleste andre band på scena uansett aldersammensetning.
Linux?
, 26, 2007
WritingPenguin.png
Linux?
Kvifor skal ein nytta eit gratis fullverdig alternativ, når ein kan betala fleire tusen kroner på microsoft sine produkt? Nei, dette er uforståeleg. Ikkje er Linux så veldig mykje betre heller, ok, oppdateringar kjem kanskje oftare til linux program, og systemet er meir sikkert. Men likevel… Microsoft må ein iallefall betala for.
Nei eg forstår ikkje at folk kan sjå på Linux som eit fullverdig alternativ, tilogmed spela, kontorprogramma og anna software til denne plattformen er gratis. Og som om ikkje dette var nok , så kjøper ikkje linux folka antivirus eller brannmurprogram heller. Tilogmed sikkerheten skal vera gratis her. Nei, ikkje kan eg forstå at folk vil nytta gratis alternativ, når ein kan betala.
Eit anna ankepunkt mot linux, er komplisiteten. For sjølv om sjølve systemet er komplekst, er sjølve bruken latterleg enkel. Nei takke seg til Microsoft sine produkt, der ein støtt og stadig får sjansen til å ringa dyre support-telefonar og stadig vert pressa til liknande sosiale utskeielser.
Fattigskatten
, 26, 2007
Det vert snakka mykje i dagens norge om skattar. Og mellom høgrepartia er skattelette eit velbrukt ord, som dessverre sjeldan gjev utslag i betre økonomi for dei som slit mest. Fakta er at det i 2003 var ein auke på 5,1% av dei totale skatteinntektene, samstundes med at toppskatten for dei aller rikaste gjekk ned med 2,9% (tal frå statistisk sentralbyrå). Og kva forteller dette oss om regjeringas ”fattigdomsbekjempelse”?
Men me har fleire typar skattar, som kun har som formål å gå utover dei med svakast økonomi, nemleg den såkalla fattigskatten.
Fakta om ”Fattigskatten”:
-Tal fra inkassobransjen syner at dei aller fleste gebyr frå namsmennene skrives ut til mennesker med alminnelig inntekt under 200 000 kroner.
-Staten tjener grovt på alle som ikkje kan betala regningane sine. I fjor auka «fattigskatten» med 77 millioner kroner.
-Regjeringa som seier at kampen mot fattigdom er av dei viktigaste oppgåvene, aukar satsane: I 2002 kosta ein gjennomført utleggsforretning 1675 kroner, frå nyttår kosta det 3972 kroner.
-I 2003 vart det skrive ut nesten 230 000 namsmannsgebyrer i Norge.
Med andre ord, det er utruleg dyrt å vera fattig i det rike norge.
Pensjonsreformen
, 26, 2007
Dei som vart fødd i årsskiftet 1948 til 1949 har nok ikkje tenkt så mykje på kva konsekvensar det har for dei at dei vart fødd på feil side av midnatt. Men med regjeringas pensjonsreform som skal vera gjeldande frå 1.1.2010, så er det eit avgjerande skilje for korleis livet ditt som pensjonst vert.
Lat oss seia at du er regjeringas stjerneeksempel, du starta tidleg i yrkeslivet, du har hatt jamn inntekt på 314 000 heile livet og har full opptjening på 40 år allereide når du er 62 år. Om du då er fødd før midnatt vert du omfatta av dagens folketrygd, og du vil då få ein årleg pensjon på 162 000 eller 13 500 i måneden. I tillegg vil du få eit AFP-tillegg på 950 kr kvar månad skattefritt fram til fyllte 67 år.
Er du derimot fødd etter midnatt, vert du råka av regjeringas framlegg til ny tidlegpensjon. Då skal din opptjente pensjon fordelast på 5 ekstra år og du vil tapa 26%. Pensjonen din vil gå ned med 42 000 til 120 000. I tillegg vert ikkje pensjonen regulert med lønnsstiginga ellers og du vil tape 8% i gjennomsnittlig pensjon. Gjennomsnittspensjon din vert då 110 000. Du vil derimot framleis få eit AFP-tillegg, som Aftenposten har berekna til å vera i underkant av 20 000 kr. årleg. Dette vil seie at om du er fødd på feil side av midnatt i årsskiftet 1948 til 1949 vil tapa over 2500kr i månaden på dette fatale feilgrepet.
Men du skal vita at du trass alt faktisk er heldig. For om du er du fødd i 1959 eller seinare so skal du betala for auka levealder, og du tapar ytterlege 4,5%, endå 500 kroner mindre å leve for i månaden.
Det skal godt gjerast å finne ei meir usosial reform enn den regjeringa no har lagt fram. Det er dei som har lite av både penger og helse som no settes under eit umenneskelig press. Og har du dårleg helse, og er fødd på feil tidspunkt, vert det ikkje mykje å sjå fram til som pensjonist.
Kvifor må grendaskulen leggast ned?
, 26, 2007
(skrevet 05/2006)
Dette er eit spørsmål mange på Voss
no stillar seg. Og eg trur ikkje eg tek feil om eg seier at mange lojale arbeidarpartifolk spessielt no kjenner seg opprørt. Dette
er ikkje vanskeleg å skjøna utifrå
lovnadane dette partiet kom med i lokalvalskampen for snart 3 år sida. Mellom anna kan ein finna fylgjande på nettsidene til voss arbeiderparti
under overskriften: «10 saker som Ap garantert ikkje kjem til å gjennomføra»:
«Me vil ikkje la talet på elevar pr. lærar i skule fortsetja å veksa».
Eg undrar meg på om skulesamanslåingar vil
få talet på elevar pr lærar til å synka. Om det
er slik, då har dei styrande i Voss arbeidarparti ein betre kalkulator enn meg.
Redaktøren i “Hordaland” kom med ein
kommentar angåande kva politikaranes oppgåve i
skulestrukturdebatten er: «den viktigaste oppgåva for ein politikar er å prioritera, å velja mellom ulike vegar for å finna svar på dei sakene som skal løysast. Eit val står mellom å leggja ned nokre skular, eller å sjå skulane forfalla ytterlegare.» Det er diverre denne tenkinga som
fører til nye nedskjæringar på fleire
felt kring i heile landet vårt. Politikarane vert opphøga til gudar som skal bestemme kva som er det riktige å gjera til ein kvar tid. Om det hadde vore slik at politikarane var dei glupaste hovuda i samfunnet, kunne eg ha godt god for redaktøren si framstilling. Men slik er det altså ikkje. Politikarane må ta med seg folket sine meiningar og framlegg til løysingar, berre slik kan
me få eit reellt folkestyre utan politisk diktaturisme.
Dagens samfunnsystem byggjer på
prinsippa om fri flyt av kapital. For å finna ut om noko svarar seg nyttar ein
profitt som måleeining . Diverre har ikkje dette systemet nokon gode måleeiningar for trivielle ting som trivsel, samhald eller
endåtil kjærleik. Dette er ein stor mangel i dette
systemet. Med denne mangelen i mente vil ein sjå at samfunnsystemet som heilheit ikkje vil kunna finna gevinst eller profitt med å behalda dagens skulestruktur i Voss kommune.
Min påstand er at dagens samfunnsystem som legg ned skular, sjukehus, fabrikkar, landbruk, barnehagar og andre ting ein ikkje ser ein umidddelbar profitt av, held ein strak kurs rett mot fjellveggen. Folks behov vert sett tilside ettersom det er behovet for kortsiktig profitt
som til ein kvar tid er det gjeldande målet. Folkemeininga vert også sett bortifrå, ettersom politikarane kan gøyme seg bak det noko tilsløra ordet folkevalgt. Om den kortsiktige
gevinsten ikkje er langvarig, vert eit irrelevant moment i dette spørsmålet. Det viktige vert å skapa ein positiv balanse i neste års budjett. På denne måten vert stadig fleire gode samfunnsmessige institusjonar lagt ned over heile
landet vårt.
Tilbake til kommunens største parti,
arbeidarpartiet. Dette partiet har ei lang tradisjon for kamp mot kapitalens makt over menneska, men diverre er det slik at dei innafor
den sosialdemokratiske ideologien ikkje trur det er mogeleg å endra samfunnet, berre bremsa det på enkelte områder. Diverre for oss er skulesamanslåingar på voss ei av sakane sosialdemokratiet ikkje trur det går ann stoppa.
Kva er sanninga om ungdomshuset i København?
, 16, 2007
skrevet 03-03-2007
Ungdomshuset i København , eller ‘ungeren’ som det vert kalla på folkemunne, har vore tilhaldstad for alternativ ungdom i 24 år. Bygningen er derimot atskilleg eldre. Huset vart oppført som forsamlingshus for Københavns arbeiderbevegelse i 1897, etter at arbeidarklassen gjennom mange år hadde drevet med innsamlingar for å få bygd sitt eige alternative samlingshus. Huset fekk namnet Folkets Hus.
Staden vart den spirande arbeidarbevegelsens fjerde samlingshus i København. Kvinnenes internasjonale kampdag, 8. mars, vart vedteken i dette huset under den andre internasjonale kvinnekonferanse med deltaking frå 16 land i august 1910. Etter dette hadde fleire meir eller mindre velukka aksjonar sitt utspring frå dette huset. Stormen på børsen i 1918, som vart arrangert av anarkistar med tilhald i huset, vert i ettertid sett på ein av dei mest velukka aksjonane. Huset vart også besøkt av internasjonalt kjende revolusjonære som Lenin og Rosa Luxemburg.
Huset var i arbeidarbevegelsens eige fram til det vart solgt til supermarkedkjeden Brugsen som ville riva det for å byggja supermarknad på tomta. Dette vart imidlertid stoppa på grunn av husets historiske betydning og i 1982 beslutta København Kommune å kjøpe bygningen og overdra bruksretten til ei gruppering som i dei offisielle dokumenter vert kalla “brugerne af Ungdomshuset”. Brukarane av ungdomshuset var i realiteten ungdom med bakgrunn i den danske BZ bevegelsen, og huset vart snart ein fristad for kreativ, alternativ og politisk aktive ungdom. Ringen var på mange måter slutta, og huset var igjen ein fristad for den revolusjonære arbeidarbevegelsen.
Brann og rivningsvedtak
I 1996 gjekk ungdomen inn på ein avtale med kommunen om oppussing av huset. Denne oppussinga skulle starte i februar, men den 31. januar det same året vart deler av bygningen skada i ein brann, som mange meiner var påsett av motstandarar av huset. Kommunen trakk sin del av avtalen om oppussing etter brannen og gjekk i staden inn for at huset skulle rivast. Dette rivningsvedtaket vart imidlertid stogga av at ungdommen pussa opp huset for eigen rekning. Arbeidet vart godkjent av dei lokale brannmyndighetene, og i 1997 vart det inngått ein avtale om drift av huset mellom ungdommane og Københavns Ungdomscentre.
Men kampen for dette historiske huset slutta ikkje med dette. Det nye høgreorienterte styret i København la i 1999 huset ut for salg. Dette skjedde samtidig med at meiningsmålingar synte at 57% av københavnerne støtta ungdomanes rett til huset. Huset vart i 2001 overteke av den svært høgreorienterte og i mange auges ekstremt fundamentalistiske gruppa Faderhuset. Etter dette har det vore mange demonstrasjonar og stor uro kring huset, men det har samstundes vore dialog mellom representantar for ungdommane og kommunen. Så seint som natt til 1.mars 2007, fram til berre nokre timar før politiet storma huset med helikopter, antiterror soldatar og pansra kjøyrety, satt representantar for ungdommane og kommunen saman i møte for å finna ei politisk løysing på saka. Spørsmåla ein kanskje bør spyrja seg er, kven det er som har dei historiske rettane til bruk av dette huset? Og ikkje minst, kven er det som her har brote avtalar?
Kva skjer no?
I dag ser me bileter og artiklar i alle store aviser og mediekanalar, og forståsegpåarar som fortel om ungdommens mangel på folkeskikk. Ein høyrer om steinkasting, plyndring og ildpåsetting. Men er dette heile sanninga? I fylgje demonstrantar som har vore tilstades under hendingane i den danske hovudstaden, er politimenn observert medan dei kastar brustein. Fleire demonstrantar fortel òg om korleis vener og bekjente er vorte slått med jernkøller etter arrestasjon medan dei har vore lenka fast i håndjern, og korleis politiet og antiterror soldatar har brukt pansra kjøyrety til regelrett å kjøyra dei ned. Over 500 ungdommar er sålangt arrestert, og dei aller fleste av desse har ikkje vorte sikta for noko som helst. I heile verda foregår det støttedemonstrasjonar for ungdomshuset, som er vidkjent i radikale kretsar over heile verda. Det har mellom anna vore demonstrasjonar til støtte for ungdomshuset i over 20 tyske byar, i Istanbul (Tyrkia), Toronto (Canada), Wien (Østerrike) og det vert i dag meldt om støttereaksjonar frå radikale i U.S.A, Indonesia og Norge samt fleire andre land.
Vil utkastelsen av ungdommane frå ungdomshuset i København føra til eit meir harmonisk og demokratisk samfunn? Eller ser ein her spiren til ein ny form for intoleranse ovanfor grupperingar som er kritiske til dagens hierarkiske maktsystem som kan føra til ein langvarig konflikt med ein spiral av vald og terror?
Straumkrise
, 16, 2007
Nyleg gjekk olje- og energiminister Odd Roger Enoksen ut i media og sa at me lenge har hatt alt for låg straumpris her i landet. I fylgje Enoksen har prisen vore for låg til å få fram alternative ergikjelder. Denne låge straumprisen skal vistnok vera årsaka til straumkrisen. Men har me verkeleg straumkrise i norge? Sidan slutten av 80-talet har Norge vore nettoeksportør av kraft i dei aller fleste åra. I 2005 eksporterte me over 13TWT (terrawatt-timer), noko som utgjorde 10% av den totale kraftproduksjonen dette året, likevel steig strauprisen for forbrukarane.
UTFASES: Disse 12 kV-linjene til Hydro aluminium fra Aura kraftverk blir demontert n�r Statkraft er ferdig med omleggingen til 132kV.
FOTO: KNUT STR�M
Fakta syner altså at me i realiteten ikkje har noko kraftkrise i norge, og likevel er vassmagasina nesten tomme. Kvifor det? Svaret finn me i stortingsdokument frå 1991, då Noreg innførte ein av verdas mest liberalistiske energilover. Den gång som no var det Senterpartiet som hadde energiministeren, Eivind Reiten. Han er no direktør i Norsk Hydro og har nytt svært godt av lova han fekk vedteke i 1991. Fakta er nemleg at etter at kraftmarknaden vart privatisert har eksporten av norsk kraft til utlandet auka. Dette har samstundes ført til lågare vasstand i dei norske magasina, og høgare pris for dei norske forbrukarane. Enoksen og regjeringa freistar no å få det til å sjå ut som om dei er ein handlingskraftig frelsar mitt oppi denne ‘uventa’ krisen. Dei tilbyr no alle som er rike nok til å kjøpa seg pelletsovn eit avslag i prisen. Ja dette må eg sei er storslagent!?
Spørsmålet regjeringa burde tatt opp er,”kva må til for å unngå at dei private kraftprodusentane tappar vassmagasina?” For det fyrste må me reversera energilova, den er ingen naturlov. Vasskrafta er ein heilt sentral del at den samfunnsmessige infrastrukturen i Norge, og skal ikkje brukast som ein vare av energikapitalen. Ekstraprofitten som kraftselskapa har fått må tilbakeføres til befolkninga, slik målsetningen og føremålet til dei offentlig eide kraftselskapa var tidligare. Det må settjast ned forbod mot å tappa ned vassmagasina på ein slik spekulativ måte som me ser i dag. Med andre ord, folkets kollektive rikdom må førast tilbake tilfolket. Sjølsagt er det også naudsynt med langsiktige energiøkonomiseringstiltak. Vasskrafta er ein knapphetsressurs, og me har ingen garantier for korleis klimaet endrar seg i framtida. Difor treng me å satsa på fornybare resursar i kraftproduksjon. Men krisa som regjeringa påstår er framfor oss er eit produkt av dei sjølve.
