Okkuper rådhuset!

Innimellom kan det vera svært interesant å sjå korleis media vinkler nyhenda sine. VG og Dagbladet som er landets største aviser, også på "nettet" kunne fortelje lesarane om utkastinga av bebuarane i Hausmannsgate, og konflikten i ettertid med krigstypar som "Her Knuser husokkupant-demonstrantene vekterbilen", "Dette er Oslo", og "Angrep politiet og tente bål i Oslo". Fokus i artiklane er at dei slemme bebuarane som er slengt ut bustadane sine ein kald natt i februar er noko forferdeleg avskum som eigentleg ikkje bør ha rett på tak over hovudet. Såvidt meg bekjent har dei ikkje vinkla artiklane opp mot boligmangelen i Oslo, eller det faktum at nye boliger som vert byggd er av ein slik karakter at det kun er dei mest vellukka av oss som har råd til å bu der.

Det vert også skrive svært lite om dei branntryggleiksarbeida som hadde føregått inne i bygården den siste tida. I fylgje denne artikkelen i Universitas, var det innstallert branndører i alle leiligheiter, samt brannslokkingsutstyr. Om dette stemmer, kvifor bestemmer kommunen seg då for å slengje bebuarane på gata ein kald natt midt i Februar? - Eg vonar at bebuarane snart finn seg ein ny bygård dei kan okkupere, sålenge Oslo kommune sin boligpolitikk har kapitalinteresser som hovudfokus vil eg ikkje ha nokon problem med å stø husookupasjonar!

Kommunestyremøte i kapitalismens tjeneste

Innlegget under er berre eit sukk frå meg før eg beveger meg inn i løvens hule, dvs dagens kommunestyremøte. Der skal ein mellom anna vedta utbygging av over 3400 nye hytter i eit sårbart fjellområde, eigedomsskatt i heile kommunen utan nokon form for reduksjon for dei svakaste, kjøp av aksjar osb. Med andre ord nok eit møte i kapitalismens tjeneste.

Kapitalismen har som mål å oppnå størst mulig profitt, og samfunnet vert styrt ut frå dette. Dette fører til sløsing med naturressursar,menneskelig arbeidskraft og ikkje minst fører det til budsjett i kommunenorge som set økonomiske interesser før menneskelege interesser. Det verkelege problemet ligg kanskje ikkje hjå kommunane men derimot hjå staten. Staten har planlagt at kommunane skal gå med eit underskot på 19,1 milliardar kroner i 2010 (dette står skrive svart på kvitt i stortingsmelding 1 side 220), samtidig går statsbudsjettet med eit reellt overskot på 174 milliarder kroner. Dette overskotet vert ikkje som regjeringa hevder brukt til framtidige pensjonar, men derimot til spekulasjon rundt på verdas børser. I staden for å nytta pengane på samfunnsnyttige investeringar som kjem folket til gode, tapte staten 636 milliarder kroner på denne aksjespekulering i 2008. Eit anna poeng her er at desse 636 milliardane åleine kunne ført til at fleire millionar menneske hadde sluppe å gått svoltne til sengs i fattigare land. På kommunalt plan gjev dette som resultat at politikk vert gjort om til tal som flyttast mellom kolonnene i eit rekneark, og menneskelege omsyn kjem i andre rekke. Systemet gjer at dei borgarlege samarbeidspartnarane i ap, sp og sv med godt samvet kan ta pengar frå dei svakaste gjennom auka usosiale avgifter, for så i neste omgang gje nokre av pengane attende som 10 meter ekstra asfalt på ein kommunal veg.

Utsett budsjettet til etter kapitalismens fall!

Torsdag 10.12 var det budsjettdebatt i Voss kommunestyre. Der vart det snekra saman eit lappeteppe av eit budsjett frå dei borgarlege samarbeidspartnarane Ap,SV og SP. I budsjettet som vart vedteke mot Raudt, Høgre og FrP sine røyster vart det mellom anna bestemt at det skal innførast eigedomskatt i heile kommunen samt ein relativt høg generell avgiftsauke. Desse ekstra utgiftene tek ikkje omsyn til inntekt og/eller formue, og vil såleis ramma dei svakaste mest. Ein av representantane frå middelklassepartiet SV har tilogmed fått seg til å seie i tidlegare debatt om eigedomsskatten at alle har råd til å betale litt ekstra for å få eit budsjett i balanse. Det er frykteleg synd at eit parti som for 20 år sidan var eit arbeidarklasseparti no så tydeleg er vorte middelklassens talerøyr også på Voss. Raudt starta forøvrig debatten med å få kommunestyre til å røyste over fylgjande utsetjingsframlegg:" Budsjetthandsaminga i Voss kommune vert utsett til etter kapitalismens fall". Dette framlegget fekk diverre berre Raudt sine 2 røyster.

Under fylgjer utdrag av mitt bidrag under budsjettdebatten:

Den sosialdemokratiske regjeringa vår har planlagt at kommunane skal gå med eit underskot i 2010 på 19.1 mrd. I stortingsmelding nr 1 – Nasjonalbudsjett 2010 – side 220. er det ein tabell som viser Kommuneforvaltningas inntekter og utgifter. Denne tabellen syner eit anslått underskot innan kommunesektoren i 2010 på 19 076 millioner, altså 19 milliarder og 76 millioner.- Har ei slik regjering krav på budsjett-disiplin fra kommunene? Raudt meiner NEI! og då meiner raudt at det er feigt av oss som kommunalt folkevalgte å sparka nedover mot velgarane våre, når det heilt tydeleg er dei over oss som gjer noko riv ruskande gale. Me må ansvarlegjera dei ansvarlege.

 

Statbudsjettet fortel oss at det er ein ein reell vekst i kommuneøkonomien på 2%, dette er kun eit festtale tal, ettersom økonomane i direktorotet har gløymt å ta med reell vekst i utgifter. Noko som mellom anna fører til det underskotet regjeringa sjølv har teke med i stortingsmelding 1. Regjeringa bløffar, og har absolutt ikkje krav på nokon slags lojalitet frå oss! Hadde det vore litt tak i oss hadde heile kommunestyret satt seg på toget til oslo, lagt oss i telt framfor stortinget og nekta å gå derifrå før galskapen er retta opp i.

 

Er det ein umulig tanke å kreva at staten skal auke kommunanes inntekter i 2010 såpass at det kommunale underskotet på 19 mrd, blir borte? Er det ”farlig” å redusera staten sitt overskot frå 174 mrd. til 155 mrd. neste år? Til samanlikning var det ikkje ”farlig” at Statens pensjonsfond – Utland tapte 636 mrd. på internasjonale aksjebørsar i 2008. -Den gong var det berre Raudt som yttra seg.

Raudt vil på bakgrunn av regjeringas svik ovanfor kommunane fremja fylgjande primær framlegg:

 

1.Alle bør-tiltak frå alle kommunalavdelingar skal bakast inn i budsjett og økonomiplan med tanke på gjennomføring i 2010. Inndekning skjer gjennom skattenekt til staten.

2. All eigedomsskatt i Voss kommune skal vekk

 

Dersom politikarane i Voss kommune ikkje tør å protestera har me fylgjande sekundærframlegg i balanse:

 

Inn i budsjettet:

Alle bør tiltak frå sosialavd. 2,8 millionar

Auka grunnbemanning institusjon 1,5 millionar

Reservepost barnevern 1 million

Oppretting av 1 ny heil stilling utekontakt/førebyggjande ungdomsarbeid 0,5 millionar

3 nye lærarstillingar i grunnskulen 1, 5 millionar

auke i sosialstønadssatser til SIFO nivå 2,2 millionar

sum auka utgifter= 9,5 millionar

 

Inndekking:

Auka utbytte Voss energi til 12 millionar – 5 millionar auke

Ostehøvelprinsipp politisk/folkevalgt - 1 million auke

kutt it + oppgradering av lisensar og felles it system/overgang til

lisensfritt open kjeldekode innan it. - 3,5 millionar auke

Sum inndekning: - 9,5 millionar

 

Framlegget føreset at det i den nyoppretta prosjektstillinga nye IT-system første halvår 2010 vert tilsett ein person med kompetanse innan linux/unix.